Øyvind Sandum vann klassa Andre instrument senior på Landsfestivalen i 2019. No kan du være med ein tur heim til han på Oppdal!
Øyvind Sandum vann klassa Andre instrument senior på Landsfestivalen i 2019. No kan du være med ein tur heim til han på Oppdal via internett. Øyvind vil lære deg Kongstunen, ein rudl, på trekkspel. Dersom du ikkje spelar trekkspel, så kan du kanskje vurdere å starte no, eller berre kose deg med filmen.
Det er filmselskapet Fabelaktiv ved Pål Bratås som har opptak og regi på filmen.
Trykk på biletet under for å starte filmen om Øyvind. Under filmen ligg lydfila til slåtten slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.
Her kan du høyre Øyvind Sandum spele Kongstunen, ein rudl
Landskappleiken

Lær ein springleik av Aslak Brimi!
No kan du lære deg ein god springleik av Aslak Brimi, vinnar i Spel fele A på Landskappleiken i 2019.
Landsfestivalen

Lær deg Århundrets masurka av Pål Bratås!
Vinnar av klassa Durspel senior på Landsfestivalen i Kinsarvik i 2019 vil lære deg Århundrets masurka!
Landskappleiken

Lær ein visestubb av Mari Midtli
Mari Midtli vann klassa Vokal A på Landskappleiken i Vågå i 2019. Her kan du lære ho litt betre å kjenne og lære deg ein visestubb om du vil.
Landskappleiken

Alexander Aga Røynstrand lærer deg Otteslåtten!
Vi har besøkt Alexander Aga Røynstrand via internett, han fortel litt om seg sjølv og lærer bort Otteslåtten, ein rudl frå Granvin.