Helsedirektoratet har godkjent Norsk musikkråd sin smittevernrettleiar for trygge musikkøvingar.

Helsedirektoratet har godkjent Norsk musikkråds smittevernrettleiar for trygge musikkøvingar. Med to meters avstand og maks 30 personar kan spelemannslag, kor, orkester og alle andre musikklag få spela saman att.

Etter at regjeringa la ned forbod mot kulturarrangement på grunn av koronaviruset, har det frivillige musikklivet venta på klarsignal til å få øve i lag på ein smittevernfagleg og trygg måte.

For å begrense smitte under ei kontrollert opptaking av øvingar, finnst det ei rekke tiltak som kan setjast i verk for å redusere smitterisiko.

De fem pilarane for å bremse smittespreiing under musikkøvingar er:

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på musikkøvingar
  2. God hygiene
  3. Inga fysisk nærkontakt mellom personar
  4. Ingen sambruk av instrument og utstyr
  5. Øvingslokalet må være egna: Nok plass til utøvarar og utstyr

Ikkje gjennomfør musikkaktivitet med mindre du er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med anbefalingane. I motsatt fall, skal aktiviteten umiddelbart avbrytes.

Rettleiaren er tilgjengelig på musikk.no/smittevern