Norsk Musikkråd oppmodar musikk- og danselag i kommunar med smitte om å ta ei pause frå fysiske øvingar dei neste 14 dagane.

Regjeringa oppmodar no til at vi må halde oss mest mulig heime dei neste vekene. Norsk Musikkråd ynskjer å bidra til dugnaden og oppmodar difor sine medlem i kommunar med smitte om å ta ei pause frå fysiske øvingar dei neste 14 dagane. FolkOrg er medlem i Norsk Musikkråd, og desse tilrådingane gjeld også for våre lokallag.

Til dei som gjennomfører øvingar i kommunar utan smitte minner vi om at smittevernrettleiaren skal fylgjast, samt Helsedirektoratets tilrådingar:

Musikkøvingar kan gjennomførast dersom smittevernreglar vert halde. Ikkje gjennomfør musikkaktivitet med mindre de er heilt trygge på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med anbefalingane.

Sjå meir informasjon frå FolkOrg om lagsøvingar og smittevern her: