Olav Øyaland 1922-2019. Det var med stor sorg FolkOrg fekk bod om at Olav Øyaland var avliden.

Olav Øyaland 1922 – 2019

Det var med stor sorg FolkOrg fekk bod om at Olav Øyaland var avliden. Olav Øyaland var den store beraren av Tinn-spelet i vår tid, i tradisjonen etter Johannes Dahle. Han vann mellom anna landskappleiken i 1993 (saman med Øyvind Brabant) og i 1997.  Han var i mange år leiar av Tinn spelemannslag, og var alltid ei stø kjelde dei andre i laget kunne ause av. Olav Øyaland var eit stillfarande og hyggeleg menneske, og det er mange som sit att med gode minne etter møte med han. Han blei utnemnt til heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 1992. Vår medkjensle med Olavs næraste familie.


Olav Øyaland
Fotograf: Ukjend