Vi har tidlegare informert om at det vil komma ei lov om at dei som søker momskompensasjon gjennom FolkOrg må vere registrert i Frivillighetsregisteret. Denne lova tredde i kraft 1. januar 2019.

Kulturdepartementet har vedteke ny forskrift om meirverdiavgiftkompensasjon til friviljuge organisasjonar. Denne føresegna tredde i kraft 01.01.19, og gjeld frå søknadsåret 2019. Ei viktig endring, som det er viktig at alle søkjarar får med seg, er at det er pliktig registrering i Frivilighetsregisteret for alle mottakarar, både sentralledd, underledd og aksjeselskap. Alle organisasjonar må vere registrert innan søknadsfristen 1. september 2019.

FolkOrg oppfordrar alle underledd (lokallag, områdelag og aksjeselskap) til å registrere seg i Frivillighetsregisteret allereie no, slik at de kan søke om momskompensasjon for søknadsåret 2019. Frivillighetsregisteret vert administrert av Brønnøysundregistrene, og de finn meir informasjon om registrering til høgre på sida her. Der finn de og vilkår for registrering i Frivillighetsregisterloven.

Det må takast høgde for sakshandsamingstid i Brønnøysundregistrene, og registrering bør difor gjerast i god tid før søknadsfristen om momskompensasjon.

Ein del av dei underledda som har søkt momskompensasjon gjennom sentralleddet tidlegar har allereie registrert seg, men det er fortsatt mange som ikkje har gjort det. Er du usikker på om ditt lag er registrert så er det lurt å ta ein ekstra sjekk.