Avtala gjeld for fyrste halvdel av 2022, i perioden 1. januar - 30. juni.

FolkOrg si avtale med TONO
FolkOrg har lenge hatt ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala har alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg fått dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik.

Ny avtale for fyrste halvdel av 2022
Etter å ha vore sett på pause under pandemien har den tidlegare avtala med TONO vore reforhandla kvart halvår. Den noverande avtala er ei forlenging av dette og gjeld for perioden 1. januar – 30. juni 2022.

Les meir om FolkOrg si avtale med TONO her.

Arrangørar må vera medlem i FolkOrg
For å kunne væra omfatta av avtala må arrangørlaget vera meldt inn til Norsk musikkråd av sentralleddet (FolkOrg) og deretter    godkjent av TONO.
Les meir om medlemskap for arrangørar her

Rapporteringsplikt:
-Etter avholdt konsert, send inn musikkrapport til TONO over framført repertoar, slik at vederlaget kan finne frem til riktig opphaver.
Les meir om rapportering her. 


Avtala gjeld ikkje for:

-Strømming, festivalar og bestillingsverk