Tidlegare i vår vedtok styret i FolkOrg at det skal vere felles poengskala for dei ulike klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Skalaen går frå 0-100 poeng, og grensa for opprykk til A-klassa på Landskappleiken er 75 poeng.

Ny poengskala

Den nye poengskalaen går frå 0-100 poeng. 75 poeng er grensa for opprykk til A-klassa på Landskappleiken.

Denne grensa erstattar den førre opprykksgrensa i spel-klassane og vokal på 114 poeng, og grensa i dans på 85 poeng. Det vil seie at dersom ein har delteke på Landskappleiken eller Landsfestivalen før, så kan ein ikkje gjere ei direkte samanlikning av den poengsummen ein får i år med poengsummane ein har fått tidlegare år. Får ein til dømes ein lågare poengsum under Landskappleiken i Vågå enn ein har fått dei førre åra, så betyr ikkje det nødvendigvis at ein har ein dårlegare prestasjon i år, men skalaen er lågare enn den har vore før. Deltek du i ei B-klasse og får 75 poeng under årets Landskappleik, så har du fått napp til A-klassen.

Kvar enkelt dommar nyttar heile poengskalaen når han dømmer. Poenga dei ulike dommarane i dommarkollegiet gjev skal summerast saman, og delast på tal dommarar for den klassen. Denne summen er då rettleiande for dommarkollegiet. Ein av grunnane til at det er valt å gjere det slik, er for at skalaen skal vere meir brukarvennleg for lokalkappleikar der det kan varierer kor stort dommarkollegiet er. Det same gjeld for Landsfestivalen i gammaldansmusikk der gruppespel og lagspel vert dømt av fire dommarar. Slik kan skalaen og skjemaa brukast uavhengig av kor mange dommarar det er.

Informasjon om det oppdaterte tevlingsreglementet finn ein her

 

Nye dommarskjema

Det er også utarbeidd to nye dommarskjema som skal nyttast. Skjemaet i spel/vokal skal brukast i alle spelklassane og vokalklassen, medan danseskjemaet skal brukast i alle danseklassane med unntak av pardans på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Dommarskjemaa er eit arbeidsverktøy for dommarane, og dei nye dommarskjemaa har lik oppbygnad. Dette blant anna fordi dommarar ofte dømmer ulike klassar på både Landskappleiken, Landsfestivalen og lokalkappleikar, og det er såleis hensiktsmessig å ha to skjema som harmoniserer med kvarandre.

Dei nye dommarskjemaa bygger på dei gamle med hovudinndelinga teknikk og innhald, med ulike hovudpunkt under dei to ulike kategoriane der dommarane kan notere kommentarar. Nedst på skjemaet er det også plass til å skrive eigne kommentarar.

Dei nye skjemaa finn du her.

Poengskalaen og dommarskjemaa har tidlegare i vår blitt testa ut på Valdreskappleiken 9.mai, og skal også nyttast på Gudbrandsdalskappleiken no komande laurdag 4.juni.