TONO og Norsk Musikkråd er no samde om ei ny avtale som omfattar 240 mindre konsertarrangørar. Avtala er gyldig frå 1. januar 2019.

Avtala, som etter lange forhandlingar i 2018 no er ferdig forhandla, er gyldig frå 1. januar 2019. Avtala omfattar totalt 240 lag fordelt på organisasjonane AKKS, FolkOrg, Klassisk, Norsk Bluesunion, Norsk Jazzforum, Norsk Musikkråd, Norsk Viseforum og Norske Konsertarrangører. For FolkOrg gjeld dette 23 arrangørar. Det vil bli forhandla om ny avtale for utøvarlag (t.d. spel- og dansarlag) i 2019.

– Dette er ei avtale som er dyrare enn den førre, men dette er på grunn av at den nye avtala mellom TONO og Norsk Musikkråd omfattar eit større tal konsertar, seier Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg. – Vi er glade for at den nye avtala no er underskrive, held ho fram.

I den gamle TONO-avtala frå 2009 var utgangspunktet eit gjennomsnitt på 2 konsertar per arrangør. I den nye avtala er dette talet på 13 konsertar i gjennomsnitt. Det har vore ein lang dialog mellom Norsk Musikkråd og TONO, og avtala som no er underskreve er godkjent av båe styra. Tidlegare har FolkOrg teke rekninga for arrangørane, men med ei så stor auke må vi sjå på korleis vi løyser dette saman med arrangørane.

– Vi er glade for å ha blitt einige om ei avtale med NMR for dette arrangørsegmentet. Dei 240 arrangørlaga som er omfatta av avtala har no fått ei god, sentral avtale som gjev ein årlig framføringsløyve mot eit rimelig vederlag. For TONO sin del betyr avtala ei inntektsauke som står i samanheng med den mengda konsertar som vert arrangert av desse laga, seier forhandlingsdirektør i TONO, Geir Gaarder.