Etter at NRK trakk sitt bidrag, har styret i FolkOrg, med støtte frå styret i Norsk Folkemusikkfond, vedteke å frå 2017 leggje ned fondet og overføre pengane til FolkOrg si rekrutteringsstønadsordning.

FolkOrg lyste tidlegare ut midlar gjennom Norsk Folkemusikkfond. Løyvingar frå fondet blei gitt til einskildpersonar, grupper, spel- og dansarlag ol.

Om Norsk Folkemusikkfond

Norsk Folkemusikkfond hadde som formål å stø arbeidet med å granske og verne om den kulturverdien ein har i den norske folkemusikken, bygdedansen og dei gamle folkemusikkinstrumenta, slik at tradisjonane vart tatt vare på, brukt, gjort kjende og ført vidare på ein naturleg måte. Arbeidet skulrl fyrst og fremst vere dei eldre formene, stoff av særleg verd og interesse, og stoff som har ei svak og utsett stilling.

Norsk folkemusikkfond var eit lite fond, og i 2016 trakk NRK seg som bidragsytar. Dvs. at det frå 2016 berre var FolkOrg som bidrog til fondet som da var på ca. 50 000 kr, avhengig av tal på medlemmar i FolkOrg.

Etter at NRK trakk sitt bidrag, har styret i FolkOrg, med støtte frå styret i Norsk Folkemusikkfond, vedteke å frå 2017 leggje ned fondet og overføre pengane til FolkOrg si rekrutteringsstønadsordning.

 

Har spørsmål ta kontakt med:
Linda Dyrnes – mob. 48105075, linda@folkorg.no