Dei nominerte til Årets lokallag er Folkedanslaget Springar'n, Setesdals Spelemannslag og Øystre Slidre Spel- og dansarlag. Prisane vert delt ut under Folkelarmprisen 27. november.

ÅRETS LOKALLAG 2020

Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet, og det er mange lag som fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under utdelinga for Folkelarmprisen fredag 27. november. Folkelarmprisen vert sendt direkte via Internett.

Dei nominerte laga i 2020 har gjennom mange år gjort solid arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid. Dei nominerte til prisen for Årets lokallag 2019 i FolkOrg er, i alfabetisk rekkjefylgje, Folkedanslaget Springar’n, Setesdal Spelemannslag og Øystre Slidre Spel- og dansarlag. 

Foto: Andreas Røstad

Folkedanslaget Springar’n
Folkedanslaget Springar’n har ein variert aktivitet med eigne øvingskveldar for tur- og songdans, bygdedans, gammaldans og mange danseframsyningar. Laget har nær kontakt med fleire lokale spelemannslag og folkemusikkgrupper i Folloregionen som spelar til både øvingar og framsyningar.

Folkedanslaget Springar’n har gjennom mange år spelt inn eit stort antall videoar av norske folkedansar for å dokumentere dansen og gje inspirasjon til lag og instruktørar som vil ta opp nye dansar i laget sitt. Folkedanslaget Dpringar’n har òg tatt ansvar for å bevare og formidle Springdans fra Ski, også kalla «Springdans fra Akershus, i tradisjon fra Ski», ein dans basert på eit gammalt filmopptak frå ei danseøving i Springar’n.

Foto: Hanna Fauske


Setesdal spelemannslag
Setesdal spelemannslag vart skipa i 1930 og er eit lag med lange og rike tradisjonar. Setesdal har ein rik folkemusikk og folkedanstradisjon og spelemannslaget har fostra fleire markante folkemusikarar og folkedansarar som både har vore viktige inspirasjonskjelder i laget og sterke ambassadørar for Setesdalstradisjonen.

Setesdalskappleiken vert arrangert kvart år i august, og spelemannslaget arrangerer konsertar, kurs og folkemusikkpubar og «jolepub» kvart år. Ungdomsgruppa ‘Sæbyggjan’ består av både kvedarar, dansarar og spelemenn og er aktive i og rundt spelemannslaget, både på kappleikar og på ulike oppvisningar.

Setesdal Spelemannslag har sidan 2012 arbeidd med å få Setesdalstradisjonen inn på UNESCO si verdsarvsliste for immateriell kulturarv. Målet bak arbeidet har vore å bevare og overføre kulturarva til framtidige generasjonar og å hindre at folkemusikken, stevkunsten, dansen og slåttespelet skal gå tapt. I desember 2019 vart søknaden innvilga og Setesdalstradisjonen vart det fyrste norske bidraget som er ført opp på UNESCO si versarvliste over immatriell kulturarv.

Foto: Runhild Heggem


Øystre Slidre Spel- og dansarlag
Øystre Slidre spel- og dansarlag har vore eit av dei største medlemslaga i LfS og seinare FolkOrg i mange tiår. Dei har eit breitt aktivitetstilbod, både innanfor rekruttering av barn og vaksne med kurs og annan opplæring. I tillegg skapar dei sosiale møteplassar med mellom anna fast fredagsdans, diverse kurs, deltaking på kappleikar, påskefest, nyttårsfeiring og andre sosiale tihøve. Gjennom sitt arbeid skapar Øystre Slidre spel- og dansarlag møteplassar fir alle folkemusikkinteresserte i heile Valdres, og er slik sett eit viktig og inkluderande lag for heile Valdres-regionen.

I år er det spesielle tilhøve, men laget har tilpassa seg smittevernreglane og arrangert danseøvingar, konsert med Jan B. Granli med påfølgjande dansefest og konsert med Kvedarkvintetten på Bygdin Høifjeldshotell.

Elles kan det nemnast at laget eig ei gamal stove som heiter Spelemannstogo. Det siste dryge året har styret pussa opp denne på dugnad. Leiinga i laget legg òg ned ein solid innsats i lagsabreidet og har kreative innfallsvinklar til lagsaktivitet, noko som fører til entusiasme og engasjement blant medlemma.