Dei nominerte laga til Årets lokallag er Bergen Juniorspelemannslag, Spelemannslaget Havella og Ål spel- og dansarlag. Vinnaren vert offentleggjort på Landskappleiken på Rjukan.
Årets lokallag 2022
Lokallaga er ryggrada i FolkOrg og det er mange lag som fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 20 000 kroner, og vert i år delt ut i samband med finalespelet på Landskappleiken på Rjukan, laurdag 25. juni.
Tre nominerte lag
Dei nominerte laga i 2022 har gjennom mange år gjort solid arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid. Dei nominerte til prisen for Årets lokallag 2022 i FolkOrg er, i alfabetisk rekkjefylgje, Bergen Juniorspelemannslag (i Bergen UL Ervingen), Spelemannslaget Havella og Ål spel- og dansarlag.

Bergen Juniorspelemannslag legg ned mykje arbeidsinnsats for aktivitet og rekruttering i laget. Dei har i løpet av dei siste åra hatt stor medlemsauke, og medlemstalet i juniorspelemannslaget har meir enn dobla seg.
Juniorspelemannslaget har dei siste åra god aktivitet og har delteke på både lokale kappleikar og på Landskappleiken. I tillegg til juniorspelemannslaget har dei òg to satelittlag og eitt aspirantlag. Rekrutteringsprosjektet Dragegjengen spelemannslag for andreklassingar på Krohnengen skule har òg hatt god aktivitet det siste året, og gir både undervisning i små grupper og individuell undervisning gjennom kulturskulen og Bergen Ungdomslag Ervingen. Laget jobbar mykje både med fagleg innhald, sosialt samvær og rekruttering.

Spelemannslaget Havella hadde 30-årsjubileum i 2021 og er eit lag som bidreg aktivt i lokalmiljøet sitt og på lokale tilstellingar. Dei har høg aktivitet og har tidlegare arrangert både fylkeskappleik, sjokoladekappleikar, stryketreff, spelkurs, meisterklassar, julekonsert og julemarknad.
Laget har full spelemannslagsbesetning og har i tillegg tilbod på både slåttetromme og på kveding. Ein viktig del av laget sin aktivitet er spelemannslaget i kulturskulen i Herøy. Dette tilbodet har vore hjørnesteinen i laget sidan oppstarten, og har i alle år bidrege til eit aktivt samspelmiljø i kulturskulen. Mange av medlemene har framleis i laget etter endt tid i kulturskulen. Dette skapar samhald i laget, og dei eldre medlemene er førebilete for dei yngre medlemene.

Ål spel- og dansarlag har dei siste åra hatt mykje aktivitet og jobba for å nå ut til eit breidt publikum og for å skape eit inkluderande miljø.
Dei arrangerer kurs i spel og dans, jamnlege kafekonsertar, spelkurs, konsertar, meisterklassar og dei samarbeider med fleire lokale aktørar i Ål og Hallingdal, som til dømes Folkemusikkveka, Hallingdal Låtelag, Hugnad UL, Ål Kulturhus og Sprang – landsdelsscene for dans. I 2021 starta dei opp med nybyrjarkurs i torader, noko som har vore svært populært og som har resultert i det nyoppstarta Hallingdal toraderlag. Laget har gratis utlån av instrument til kulturskuleelevar som spelar hardingfele, langeleik, seljefløyte og lur.
Ål spel- og dansarlag har fleire aktive kappleiksdeltakarar og laget har lang tradisjon med å delta i lagdans på Landskappleiken, der dei vann 1. plass seinast i 2017.