Dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør er Rudi Gard, Ta:lik og Telemarkfestivalen. Prisane vert delt ut under Folkelarmprisen 27. november.

ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR

Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Prisen på kr. 10 000 blir delt ut under Folkelarm, nærare bestemt under Folkelarmprisen fredag 27. november. Folkelarmprisen vert sendt direkte på Internett.

FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2020 til ein arrangør som har vist evne til å skape interesse og entusiasme for folkemusikken i koronatida.
Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2020 er, i alfabetisk rekkefylgje, : Rudi Gard, Ta:lik og Telemarkfestivalen. 

Foto: Yury Rogachev

Rudi Gard
Rudi Gard er ein kulturinstitusjon i Gudbrandsdalen der tradisjonsmusikk ofte står i fokus. Samstundes har arrangøren gjeve tradisjonsmusikken ein sentral plass blant fleire ulike kulturuttrykk.

Arrangøren har ei årrekkje hatt eit godt samarbeid med spelemannslaga i dalen og med Gudbrandsdal folkemusikklag. Gudbrandsdalskappleiken har fleire høve gått føre seg på Rudi Gard. Samarbeidet med lokle lag har også inkludert store signalarrangement knytt opp mot markante tradisjonsbærarar. Eksempel på slike er feiring av Sven Nyhus sin 80-årsdag, hundreårsmarkeringa for Oddvar Nygaard, og konsertar til ære for Hans W. Brimi, Magne Bø og Ivar Nermoen for å nemne nokre.

Gjennom våren og sommaren 2020 har Rudi Gard mellom anna hatt strømmesending med gammaldans på oppdrag frå Riksscenen, Folkrekrutt si sesongavslutningsforestilling  «Klangen av Gjendine» og fleire arrangement og konsertar. Rudi Gard har også vorte jamnleg øvingsarena for spelmannslag som på grunn av korona ikkje får halde øvingane sine i offentlege bygg.

Foto: Knut Utler

Ta:lik
Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 115 Cd-ar, og laga ein god del musikkvideoar. Ta:lik arbeider for å løfte fram dei beste utøvarane innan den tradisjonelle folkemusikken, i eit hovudsakleg tradisjonelt uttrykk, men ønskjer òg å presentere den genuine musikken i ei moderne innramming.

Ta:lik har skipa opp til fleire digitale folkemusikkarrangement sidan mars 2020. Dei har skipa strømmekonsertar med ulike solistar, digitalt gamaldansmaraton med to trekkspelarar og verdas fyrste digitale strømmekappleik.

Ta:lik har gjennom dei digitale sendingane gjort konsertar av høg kvalitet med profesjonelle folkemusikarar tilgjengelige for allmeinnheita.

Foto: Knut Utler

Telemarkfestivalen
Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival i Bø i Telemark. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 1990 og har vore arrangert kvart år sidan.

Telemarkfestivalen har norsk folkemusikk som hovudfokus, men har òg ein viss andel utanlandske artistar i sitt program. Festivalen har lagt vekt på å både presentere tradisjonell folkemusikk og kombinasjonar av gammalt og nytt gjennom konsertar, sessions og tingingsverk.

Som så mange andre festivalar vart også Telemarkfestivalen tvinga til å avlyse årets utgåve av festivalen som følgje av utbrotet av Covid-19. Mini-festivalen «Såmmårsleg 2020» kom i stand på kort tid som eit alternativ til Telemarkfestivalen og som ein hyllest til det yrande og mangfaldige musikklivet i Telemark. I annleisåret 2020 vart det derfor gjennomført alternativ aktivitet i form av strømmekonsertar, mini- festival, klubbkonsertar og anna konsertaktivitet.

Telemarkfestivalen har i tillegg gjennomført konsertar i samarbeid med Bø Jazzklubb og fleire strømmekonsertar.