TrondheimFOLK er ei viktig folkemusikkscene som har greidd å opparbeide seg eit fast og engasjert publikum. Dei har sterkt fokus på både musikken og dansen i sjangeren vår.

Å få folk i dei store byane til å gå på folkemusikkarrangement kan vere ei vanskeleg oppgåve i konkurranse med alle andre arrangement, men TrondheimFOLK har lykkast med dette på imponerande vis. Dei jobbar heile tida med å utvikle seg som arrangør, og i haust arrangerte dei til dømes «Valdresveke» med både kurs og dansefest.

Variasjon
For dei som driv folkemusikkscena TrondheimFOLK er det viktig å ha god variasjon i type arrangement. Gjennom året kan ein oppleve både konsertar, folkemusikkpøbbar, danseframsyningar og dansefestar. Naturleg nok varierer antal publikum, men det kjem mellom 25 og 200 besøkande på arrangementa.

– Nokre arrangement er små, nokre arrangement er store, nokre gonger er det halvfullt og nokre gonger er det stappfullt, seier Nicoline Hofgaard, styreleiar i TrondheimFOLK.

Samarbeid er viktig
TrondheimFOLK samarbeider med fleire kulturaktørar i Trondheim og omegn, til dømes Trondheim kammermusikkfestival, Transform festival, Dokkhuset scene og ikkje minst spel- og danselag i regionen.

Samarbeidet med desse aktørane gjer at scena når ut til både dei som er interesserte i folkemusikken og -danse, men dei når og andre publikumsgrupper. TrondheimFOLK har eit entusiastisk styre som jobbar hardt for å setja sjangeren på kulturkartet i Trondheim og omegn.

FolkOrg gratulerer TrondheimFOLK med nok ein nominasjon til årets arrangør!