Det er ikkje ei sjølvfølgje at ei folkemusikkscene skal fungere godt alle stader, spesielt ikkje i Fredrikstad. Men i år jubilerer Trad Session etter å ha halde det gåande i ti år.

Trad Session starta opp allereie i 2007, men det er fyrst i år at 10-årsjubileet vert feira. Scena har husa mange artistar og har på ti år hatt nærare hundre konsertar!

Godt samarbeid
Trad Session er eit samarbeid mellom Østfold Musikkråd, St. Croix-huset (eit kommunalt allaktivitetshus i Fredrikstad) og Richard Burgess, som står for programmering og leiing av scena. Trad Session har fem konserter i vårhalvåret og fem konsertar i hausthalvåret.

Dei fleste konsertane vert halde på St. Croix-huset si raude kaféscene, men det er og ei storscene på huset der til dømes den årlege julekonserten går av stabelen. Som nemnt så er det Richard Burgess som syr saman programmet, Østfold Musikkråd administrerer og honorerer artistane med stønad frå Norsk Kulturråd, og St. Croix-huset stiller med lydanlegg og lydfolk i tillegg til å ta i mot artistane og stå for servering.

Session
I tillegg til konsertane legg scena opp til at det og skal vere ei avdeling med «session». Dette er og opphavet til namnet på scena. Etter at konserten er over møtest det lokale folkemusikkmiljøet til samspel og -song, og ofte vert artistane med på dette.

Artistane som har vitja Trad Session kjem både frå inn- og utland. Særleg populært blant artistane er den trivelege mottakelsen dei får på St. Croix-huset, inkludert god vegetarmat. Dette gjorde såpass inntrykk på gruppa Sver at dei laga ein melodi som heiter St. Croix.

FolkOrg gratulerer Trad Session med nominasjon til årets arrangør 2018!