Heme dine vart arrangert for fyrste gong i 2016 og har allereie opparbeidd seg godt med publikum og eit godt renomme.

Unge og motiverte festivalarbeidarar, frisk luft på fjellet i Engerdal, lokal musikk, kurs, konsertar og dans er berre nokre av stikkorda som kjenneteiknar den unge festivalen «Heme dine».

Intimt og triveleg
Heme dine har i løpet av stutt tid greidd å skapa eit godt rykte både blant lokalbefolkning og i resten av Folkemusikk-Noreg. I tillegg til meir kjende artistar tek også festivalen med den lokale kulturen inn i programmet, både i form av mat, musikk, dans og natur.

Heme dine arrangerer og sommarleir for born og unge, og det må nemnast at dei har eit godt samarbeid med asylmottaket på Drevsjø. Mange av dei unge som var med på kurs denne sommaren er asylsøkjarar og nye landsmenn. Dette er viktig og flott rekrutteringsarbeid!

God marknadsføring
Gjengen som jobbar med Heme dine må honorerast for godt marknadsføringsarbeid, og dette er nok hovudgrunnen til at festivalen allereie tredje året kan seie at publikumsmassa berre veks og veks.

I mai arrangerte festivalen tjuvstart i samarbeid med Riksscenen i Oslo med både konsertar, kurs, dans og bjønndanstevling. I tillegg får Heme dine mykje skryt for god heimeside, gode promovideoar og god marknadsføring både i sosiale medium og fysisk promomateriale på andre arrangement.

FolkOrg gratulerer Heme dine med sin andre nominasjon til årets arrangør!