Gransherad spel- og dansarlag  er nominert til Årets Lokallag i FolkOrg 2021.

Gransherad spel- og dansarlag har sidan 2010 hatt stort fokus på rekruttering. Rekrutteringsarbeidet har utgjort størsteparten av laget sin aktivitet dei siste åra kor dei har satsa stort på å få inn ungdommar og unge vaksne som instruktørar. Desse er gode førebilete og er i tillegg populære instruktørar og utøvarar, noko som er spesielt viktig for rekruttering av nye medlem og for vidare utvikling. 

Gransherad Spel- og dansarlag vart skipa i 1949 og er eit lag med utøvarar innan både folkedans, song og hardingfele.  

Laget si hovudverksemd er dans, og dei har danseøvingar ei gong i veka. I tillegg tilbyr dei òg undervisning på både hardingfele og munnharpe. Laget har arrangert fordjupingskurs i både hardingfelespel og kveding, og deltek ofte på både lokale kappleikar og arrangement og har delteke på Landskappleiken gjennom mange år.  

Gjennom heile 2020 og 2021 har laget jobbar hardt med å halde aktiviteten oppe og dei har lagt til rette for alternative måtar å møtast og å ha opplæring, mellom anna gjennom sjølvproduserte  instruksjonsvideoar. Sjølv om det har vore utfordrande å halde på medlemma det siste året, har dei likevel klart å rekruttere inn nye medlem.