Bergen Ungdomslag Ervingen – Bergen juniorspelemannslag er nominert til Årets lokallag i FolkOrg

Bergen Ungdomslag Ervingen er nominert til Årets lokallag for sitt gode arbeid med juniorspelemannslaget som har dobla medlemstallet i løpet av ei periode på to år. Laget har til tross for pandemien fått til god og jamn aktivitet både gjennom kulturskulen og Bergen Ungdsomslag Ervingen.  

Bergen ungdomslag Ervingen er eit frilynt lag i Bergen som vart danna i 2005 etter at Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen slo seg saman. 

Juniorspelemannslaget har dei siste åra god aktivitet og har delteke på både lokale kappleikar og på Landskappleiken. 
I perioden 2020 – 2021 har medlemstalet i juniorspelemannslaget auka og dobla seg i løpet av ei periode på to år. Sjølv om situsjonen periodevis har vore utfordrande for lagsaktivitet og rekruttering det siste året, har laget tilpassa øvingane og hatt mykje aktivitet gjennom pandemiåret. Rekrutteringsprosjektet Dragegjengen spelemannslag for andreklassingar på Krohnengen skule har òg hatt god aktivitet det siste året, og gir både undervisning i små grupper og individuell undervisning gjennom kulturskulen og Bergen Ungdomslag Ervingen. Sommaren 2021 var Bergen Juniorspelemanslag ein av artistane på Førdefestivalen, noko som gav auka inspirasjon og samhald i gjengen.