Bærum Spelemannslag  er nominert til Årets Lokallag i FolkOrg 2021.

Bærum Spelemannslag blir nominert til Årets lokallag for å heidre det gode arbeidet dei gjer for å halde oppe eit aktivt og inkluderanda spelemannsmiljø i Bærum og Oslo-området, mange års god rekruttering, og for å vera eit framoverretta lag som stadig er i utvikling. 

Bærum Spelemannslag er eit hardingfelelag stifta i 1993 og har sidan oppstarten vore eit lag for alle, der alle kan ta med seg musikken frå der dei kjem i frå og lære musikk frå heile landet. I dag er laget ein god miks av felespelarar og songarar i alle aldrar, frå heile landet, og på alle nivå. Med sine faste, vekentlege øvingar og deltaking på ei rekke faste aktivitetar som kappleikar, dansespel, St. Hans-feiring, Musikkens dag i Oslo, Byfest i Sandvika, m.m., er Bærum Spelemannslag eit av dei mest aktive hardingfelelaga i Bærum, Oslo og omegn.

Sidan pandemien braut ut har Bærum Spelemannslag lagt ned mykje arbeid i å finne kreative måtar å halde aktiviteten oppe på, trass i at det tidvis har vore vanskeleg å møtast. Dei har mellom anna hatt digitale samspelprosjekt som både har vore miljøskapande og som sidan har blitt nytta til opplæring. 

Styret i laget har det siste året sett i gong ei stor satsing på digitalisering og ny digital profil for laget, der eit av måla er å nytte den nye digitale plattforma til rekruttering, samtidig som dei ynskjer å vera til inspirasjon for andre lag og foreiningar.