TrondheimFOLK er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør 2021!

ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Årets folkemusikkarrangør vert valdav styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. 

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 25. november.  

Dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2021 er, i alfabetisk rekkefylgje Heme DineRudi Gard og TrondheimFOLK.  

foto: Kristian Wanvik, Arild Schei/Dokkhuset, Ranveig Aas, Fotefar, Thor Hauknes

 

TrondheimFOLK
TrondheimFOLK er ei frivillig drive folkemusikkscene i Trondheim som arrangerar folkemusikkonsertar, folkedansforestillingar og dansefestar på fleire stader i byen, mellom anna på KonsertGalleriet og på Dokkhuset. 

Godt samarbeid med andre
Dei samarbeider med fleire aktørar innenfor eiget og andre felt, Transform, Hilmarscena, Trondheim kammermusikkfestival og Dokkhuset for å nå ut til nye publikumsgrupper. Dei har nær og god kontakt med spelemanns- og dansarlaga i området, og jobbar mykje med personlige og profesjonelle nettverk. 

Viktig knutepunkt
TrondheimFOLK er den einaste heilårsarrangøren i Trondheim som driv utelukkande med folkemusikk- og folkedansarrangement. Dei dannar eit viktig knutepunkt for artistar på turne og når stadig ut til nye publikummarar. Konserttilbodet til TrondheimFOLK har ført til ei tydelig styrking av folkemusikkmiljøet i Trondheim og dei fleste spel- og dansarlaga har auka rekrutteringa etter at TrondheimFOLK vart starta. TrondheimFOLK er derfor eit viktig tilskot i kulturlivet i Trondheim, og ein viktig samlingsstad for publikum, artistar og folkemusikkinteresserte i både Trondheim og Trøndelag.
 

TrondheimFOLK har vore nominert til prisen to gonger tidlegare!

Prisen vert delt ut under Folkelarm i november
Her kan du sjå heile programmet til Folkelarm 2021