TrondheimFOLK er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør 2023!

Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane.  Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 16. november.  Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2023 er, i alfabetisk rekkefylgje: Rudi Gard, Telemarkfestivalen og TrondheimFOLK.

TrondheimFOLK (stiftet 2015) er ein profesjonell folkemusikk- og folkedansarrangør i Trondheim, som arrangerer folkemusikkonsertar, sceniske folkedansforestillingar og dansefestar på fleire stader i byen, mellom anna på Dokkhuset Scene, Lager11 og Rosendal Teater. Dei har ein solid kunstfagleg profil med høg kunstnarisk kvalitet og tilbyr utøvarane eit profesjonelt arrangørapparat, samarbeider breitt med ein rekke aktørar og har ei jamn auking i finansiering og publikumsoppslutning.

Godt samarbeid med andre
TrondheimFOLK har som visjon «å gjøre folkemusikk og folkedans fra Norge, tilgjengeleg, forståeleg og aktuell for alle». Dei samarbeider med fleire aktørar innanfor eiget og andre felt, til døme Juba Juba, Trondheim kammermusikkfestival og Dokkhuset Scene for å nå ut til nye publikumsgrupper. Dei har nær og god kontakt med spelemanns- og dansarlaga i området, og jobbar med personlege og profesjonelle nettverk for å skape møteplassar.

Viktig knutepunkt
TrondheimFOLK er den einaste heilårsarrangøren i Trondheim som driv utelukkande med folkemusikk- og folkedansarrangement, og ein av få heilårsarrangørar nasjonalt. Dei dannar eit viktig knutepunkt for artistar på turne og når stadig ut til nye publikummarar. Konserttilbodet til TrondheimFOLK har ført til ei tydeleg styrking av folkemusikkmiljøet i Trondheim og dei fleste spel- og dansarlaga har auka rekrutteringa etter at TrondheimFOLK vart starta. TrondheimFOLK er derfor eit viktig tilskot i kulturlivet i Trondheim, og ein viktig samlingsstad for publikum, artistar og folkemusikkinteresserte i både Trondheim og Trøndelag.

Frå idé til berekraftig heilårsarrangør
TrondheimFOLK (stifta 2015) starta som eit frivillig initiativ for å bidra til meir aktivitet i folkemusikk- og folkedans-miljøet i Trondheim. I løpet av sine åtte år i bransjen har dei hatt ein kontinuerleg vekst og dei har etablert seg som ein solid, profesjonell aktør med to faste tilsette. No er dei i gang med eit større toårig utviklingsprosjekt, «berekraftig driftsmodell TrondheimFOLK», som fekk midlar frå Trondheim Kommunes Kulturfond i vår. TrondheimFOLK har tidlegare vore nominert til Årets folkemusikkarrangør under Folkelarm, i 2016, 2018 og 2021.