Telemarkfestivalen er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør 2022!

Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane.  Årets folkemusikkarrangør vert valdav styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.  

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 24. november.  Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2022 er, i alfabetisk rekkefylgje: Farsund Folk Festival, Folkemusikkveka og Telemarkfestivalen.

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival i Bø i Telemark. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 1990 og har vore arrangert kvart år sidan. 

Telemarkfestivalen har norsk folkemusikk som hovudfokus, men har òg ein viss andel utanlandske artistar i sitt program. Festivalen legg vekt på å både presentere tradisjonell folkemusikk og kombinasjonar av gammalt og nytt gjennom konsertar, sessions og tingingsverk. Telemarkfestivalen har eit kontinuerlig mål om å femne folkemusikk og folkedans til eit breidt publikum ved å leggje til rette for at folkemusikk og folkedans når fram til nye publikumsgrupper   

Telemarkfestivalen arrangerer også fleire konsertar gjennom året, både som hovudarrangør og i samarbeid med ulike samarbeidspartnarar som til dømes Bø Jazzklubb. Festivalen har også det administrative ansvaret for turnéprogrammet til Sørnorsk folkemusikksenter. 

Årets folkemusikkarrangør vert delt ut 24. november.