Rudi Gard er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør 2021!

ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Årets folkemusikkarrangør vert valdav styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. 

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 25. november.  

Dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2021 er, i alfabetisk rekkefylgje  Heme dineRudi Gard og TrondheimFOLK.  

foto: Liv Annette Nygjerdet og Hans Petter Ellingsen/NTL

 

Rudi Gard

Rudi Gard er ein kulturinstitusjon i Gudbrandsdalen der tradisjonsmusikk ofte står i fokus, i tillegg til at tradisjonsmusikken ofte har ein sentral plass blant fleire ulike kulturuttrykk. Ein kan som publikummar ofte oppleve folkemusikk i settingar der ein ikkje hadde forventa det. På denne måten bidreg Rudi Gard til at folkemusikken vert tilgjengeleggjort på lik linje med andre sjangrar. 

Rudi Gard har i 20 år vore ei scene der folkemusikken har stått sterkast og alltid vore med i grunnlaget for drifta. Rudi Gard, med Øystein Rudi i spissen, har sett opp konsertar gjennom året kalla «Låvende saker» med god blanding av folkemusikk og andre sjangarar. Med sitt store nettverk i hele Norge har Nina og Øystein Rudi i ei årrekkje samla nokon av dei fremste utøvarane i heile Norden til konsertar og arrangement innan folkemusikk og andre sjangrar.   

Arrangøren har i ei årrekkje hatt eit godt samarbeid med spelemannslaga i dalen og med Gudbrandsdal folkemusikklag. Samarbeidet med lokale lag har òg inkludert større signalarrangement som til dømes Gudbrandsdalskappleiken, Spelemannstreff, Kappspell, Sven Nyhus sin 80-årsdag, hundreårsmarkeringa for Oddvar Nygaard, og konsertar til ære for Hans W. Brimi, Magne Bø og Ivar Nermoen.

Øystein Rudi er ein god ambassadør for både Rudi Gard og tradisjonsmusikk. Rudi Gard gjer eit aktivt marknadsføringsarbeid, og er synlege i sosiale medier og i lokal og nasjonal presse. Likevel er det kanskje det vertskapet sjølv med sin entusiasme for både kulturarenaen Rudi Gard, og for folkemusikken som er den beste reklamen for arrangementa dei har. 

Rudi Gard har vore nominert til prisen ein gong tidlegare!

Prisen vert delt ut under Folkelarm i november
Her kan du sjå heile programmet til Folkelarm 2021