Rudi gard er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør!

Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane.  Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 16. november.  Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2023 er, i alfabetisk rekkefylgje: Rudi Gard, Telemarkfestivalen og TrondheimFOLK.

Rudi Gard er ein kulturinstitusjon i Gudbrandsdalen der tradisjonsmusikk ofte står i fokus, i tillegg til at tradisjonsmusikken ofte har ein sentral plass blant fleire ulike kulturuttrykk. Ein kan som publikummar ofte oppleve folkemusikk i settingar der ein ikkje hadde forventa det. På denne måten bidreg Rudi Gard til at folkemusikken vert tilgjengeleggjort til sitt publikum på lik linje med andre sjangrar. 

Rudi Gard har i 20 år vore ei scene der folkemusikken har stått sterkast og alltid vore med i grunnlaget for drifta. Rudi Gard, med Øystein Rudi i spissen, har sett opp konsertar gjennom året kalla «Låvende saker» med god blanding av folkemusikk og andre sjangarar. Med sitt store nettverk i hele Norge har Nina og Øystein Rudi i ei årrekkje samla nokon av dei fremste utøvarane i heile Norden til konsertar og arrangement innan folkemusikk og andre sjangrar.   

Arrangøren har i ei årrekkje hatt eit godt samarbeid med spelemannslaga i dalen og med Gudbrandsdal folkemusikklag. Øystein Rudi er ein god ambassadør for både Rudi Gard og tradisjonsmusikk. Rudi Gard gjer eit aktivt marknadsføringsarbeid, og er synlege i sosiale medier og i lokal og nasjonal presse. Likevel er det kanskje det vertskapet sjølv med sin entusiasme for både kulturarenaen Rudi Gard, og for folkemusikken som er den beste reklamen for arrangementa dei har.