Folkemusikkveka er ein av tre nominerte til prisen Årets folkemusikkarrangør 2022!

Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane.  Årets folkemusikkarrangør vert valdav styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.  

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 24. november.  Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2022 er, i alfabetisk rekkefylgje: Farsund Folk Festival, Folkemusikkveka og Telemarkfestivalen.

Folkemusikkveka vart arrangert fyrste gong i 1976 og samlar både amatørar, profesjonelle og entusiastar til konsertar, dansefestar, prisutdelingar og tevlingar. Festivalen har eit stort publikum, både lokalt og tilreisesande, og trekk stadig til seg nye tilhengjarar.

Folkemusikkveka er oppteken av å ivareta tradisjonelle former innan musikk og dans, men har òg fokus på nyskapande og sjangerkryssande programmering gjennom mellom anna ulike tingingsverk og prosjekt.

Tradisjonelle programpostar som m.a. Bygdamønstringa og Kyrkjekonserten er viktige markørar og har vore ein viktig del av programmet sidan slutten av 70-talet.

Fanitulltevlinga er ein viktig del av festivalen og har sidan 1999 vore ein viktig møteplass for utøvarar innan hardingfele og vanleg fele. Folkemusikkveka har òg eit stort fokus på dans og dansespel og har dansefest på fleire golv gjennom heile festivalen.

Festivalen deler også ut fleire prisar, deriblant Jens A. Myros minnepris, Olav H. Sletten Skrindos minnepris samt premie til vinnarane av Lausdanstevlinga.

Årets Folkemusikkarrangør vert delt ut torsdag 24. november.