Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr  er nominert til prisen Årets eldsjel 2021!

Vinteren 1996 starta Martin og Gunnlaug med folkemusikk- og folkedansopplæring for barn og unge i Hallingdal. Undervisningane har foregått på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo, og har samla barn og unge frå heile Hallingdal. Dei har hatt opplæring i halling, pardans, kveding, langeleik og hardingfele, og har no halde i gang aktiviteten utan stopp i 25 år. I tillegg til aktiviteten på Hugnadheim, har dei startar opp og organisert Hallingdal Juniorspelemannslag sidan 2006. I 2007 gjennomførte dei eit prosjekt på ungdomskulene i Hallingdal kor alle 800 ungdomsskuleelevane i dalen fekk danse Hallingspringar. 300 av desse vart med vidare i prosjektet med fleire danseøkter gjennom skuleåret. Den mest ivrige gjengen stilte faktisk i lagdans på Landskappleiken den sommaren. Sidan 2018 har dei drive UngHalling – eit rekrutteringsprosjekt med stønad frå Folkorg og Dextra Musica, som gir nybyrjaropplæring til barn på langeleik, toradar, hardingfele og kveding. Martin har sidan 2014 arrangert Storhelg i Hallingdal – ei kurshelg som samlar mellom 80-100 folkemusikk- og folkedansinteresserte ungdommar frå heile Sør-Noreg.

I tillegg til arbeidet med barn og unge, har Gunnlaug også lagt ned mykje tid i å leite fram og tilgjengeleggjere vokalmaterialet i Hallingdal. Dette arbeidet, som starta på slutten av 80-talet, resulterte i boka Folkesong i Hallingdal som kom i 2015. Dei siste åra har Gunnlaug lagt ned mykje arbeid i å studere gamle arkivopptak av hallingspringaren og leita fram former som elles hadde vorte gløymt. Ho tilgjengleggjer dette for andre ved å arrangere springarforum ei gong i halvåret.

Arbeidet som Gunnlaug og Martin har lagt ned har vore uvurderleg for folkemusikkmiljøet i Hallingdal, og har også utmerka seg på landsbasis. Martin og Gunnlaug har undervist og inspirert mange nye generasjonar av folkedansarar og -musikarar. Dei handterer både store og små på en roleg og trygg måte, og sørger for at alle blir sett og høyrt, og får oppfølging på deira eiget nivå.

Vi gratulerer Gunnlaug og Martin med nominasjon til Årets eldsjel! 

Kven som får prisen får vi vete i tredje program av Adventfolk som vert publisert tredje sundag i advent.

Her finn du lenkje til Adventfolk-programma 

 

FolkOrgs eldsjelpris 2021

I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre ein av alle desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid i løpet av året. FolkOrg deler difor ut prisen Årets eldsjel, til ros og påskjøning.

Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått. FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar.

Vi har fått inn mange nominasjonar og det er tydelig å sjå at det er mange eldsjeler der ute, og mange som fortener heider for engasjementet sitt.

Dei nominerte til prisen i 2021 er Frode Rolandsgard, Harald Omnes og Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.

Foto: Noregs ungdomslag