Frode Rolandsgard er nominert til prisen Årets eldsjel 2021!

Frode Rolandsgard

Frode Rolandsgard er ei stabil kraft innan folkemusikkmiljøet i Valdres og har hatt ein finger med i spelet innanfor dei fleste felt i miljøet dei siste 30 åra – her kan nemnast arrangement av Landskappleiken på Fagernes i 2015, og mangeårig hovudnemndsleiar i Jørn Hilme-stemnet, leiar av Valdres folkemusikklag og Vestre Slidre spel- og dansarlag. Dei siste åra har han lagt ned ein stor innsats innanfor rekrutteringsarbeidet i Valdres, og er fast «pølsekokar» og organisator på dei månadlege samlingane til FolkemusikkUng i Valdres.

Elles kan det nemnast at Frode Rolandsgard gjennom plateselskapet sitt Ta:lik legg ned mange hundre timars ueigennyttig arbeidsinnsats for å få realisert ulike plate- og forlagsprosjekt både for valdrisar og folkemusikarar i andre delar av landet. Frode har ei stå-på-vilje som er god å ha i både med- og motgang, noko ein ofte møter på når ein vel å engasjere seg innanfor rekruttering og arrangering i vårt felt. Han er genuint oppteken av at folk skal få øyra opp for det heilt unike ved spel- og danstradisjonane me har her til lands generelt, og Valdres spesielt. Frode Rolandsgard er immøtekomande, positiv og inkluderande og den underfundige humoren hans bidreg til trivsel og god stemning.

Vi gratulerer Frode med nominasjonen til Årets eldsjel!

Kven som får prisen får vi vite i tredje program av Adventfolk, som vert publisert tredje sundag i advent.

Her finn du lenkje til Adventfolk-programma.

Foto: Knut Utler

 

 

FolkOrgs eldsjelpris 2021  

I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre ein av alle desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid i løpet av året. FolkOrg deler difor ut prisen Årets eldsjel, til ros og påskjøning.

Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått. FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar. 

Vi har fått inn mange nominasjonar og det er tydelig å sjå at det er mange eldsjeler der ute, og mange som fortener heider for engasjementet sitt.  

Dei nominerte til prisen i 2021 er Frode Rolandsgard, Harald Omnes og Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.