Veit du om eit lokallag som har gjort noko ekstra bra i det siste? Nominer din kandidat til Årets lokallag her!

Mange lag fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. Veit du om eit lokallag som gjer ein stor innsats for å halde aktiviteten oppe, eller kanskje til og med gjer noko nyskapande? Då er det berre å sende inn ditt forslag.

FolkOrg har i dag over 5100 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 155 mangfaldige lokale spel- og dansarlag og områdelag. Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”.

Styret i FolkOrg avgjer kven som blir Årets lokallag på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen, og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, sosiale media og pressemeldinger. Det er open nominasjon, og lokallaga kan sjølvsagt melde sitt eige kandidatur.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under Folkelarmhelga 26.-29. november 2020.

Frist for å nominere lag til «Årets lokallag» er 01. september.

Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:

  • Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans. (2012)
  • Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)
  • Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt. (2014)
  • Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument. (2015)
  • Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid. (2016)
  • Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region. (2017)
  • Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd. (2018)
  • Trysil Knut spel- og dansarlag (2019) for godt lagsarbeid som både verner om og vidarefører både spel- og dansetradisjonar.