Nettverket for folkemusikkarrangørar er ei samling av folkemusikk- og folkedansarrangørar i Noreg. Nettverket er oppretta av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Føremålet for nettverket er tettare kontakt, kompetansedeling og samarbeid mellom arrangørane på folkemusikkfeltet og FolkOrg, samt utvikling og styrking av arrangørfeltet.

Nettverket er:

  • Eit forum for å drøfte og utveksle kunnskap, erfaringar og samarbeid
  • Ein tenketank og idébank for vidareutvikling og styrking av arrangørfeltet.
  • Arena for samarbeid om konsertar / turnear mellom medlemmene.

Nettverket er inga juridisk eining.

Medlemskap i nettverket

Medlemmer takast opp i nettverket gjennom innmelding direkte til administrasjonen i FolkOrg. Institusjonar og enkeltaktørar kan vere medlem av nettverket.

Som grunnlag for medlemskap må en betydelig del av arrangørens-/ institusjonens profil og arrangement være knytta til folkemusikk og/eller folkedans.

Som medlem i nettverket får du:

  • Kontinuerleg oppdatert informasjon om relevante og aktuelle saker.
  • Rettleiing og hjelp til søknadar, og andre arrangørfaglege spørsmål.
  • Tilgang til FolkOrg si avtale med TONO, samt andre avtaler FolkOrg forhandlar fram for nettverket.
  • Eigna forum for dialog og kommunikasjon med nettverkets medlemmer.

Det er ingen medlemskontingent i nettverket.  FolkOrg fører oppdaterte liste over medlemmer i nettverket.

Ein tek sikte på å samle nettverket minst éin gong i året til ei årleg fagsamling.

Referansegruppe

Det vert sett ned ei referansegruppe med tre personar. Referansegruppa skal vere rettleiande og rådgjevande for FolkOrg sitt arbeid og politikk for arrangørane, og bidra til utvikling og styrking av arrangørfeltet.

Styret i FolkOrg vel ut medlemmar i referansegruppa, etter innspel frå medlemmene, på følgjande måte:

  • ein leiar for eitt år av gongen
  • to medlemmer for eitt år av gongen

Referansegruppa skal ha eit mest mogleg representativt utval av medlemsmassen.