Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2022 gjennom FolkOrg. Søknadsfrista er 01. august 2023. Søkjarprosessen er lettvin og alle lag kan søkje!

SLIK SØKJER DU:
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Alt de treng å gjere er å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, og sende skjemaet og rekneskap for 2022 til FolkOrg.

Frista for å sende søknaden er sett til 01. august. Søk gjerne med ein gong, så slepp de å tenkje på fristen i sommarferien!

Fyll inn søknadsskjemaet med:

  • Namn på laget med kontaktinfo
  • Organisasjonsnr.
  • Driftsutgifter for 2022
  • Eventuelle fradrag (gjeld svært få av spel- og dansarlaga – sjå informasjon nedst på sida)
  • Last opp signert og/eller revidert regnskap for 2022 og send inn søknadsskjemaet. Dersom de har problem med å laste opp vedlegg kan dette sendast til solfrid@folkorg.no eller til FolkOrg, Møllergata 39, 0179 OSLO.

Søknadsskjema:
For å søkje om Momskompensasjon må de fylle inn skjemaet lenger ned på denne sida. 

NB: Alle søkjarar  vera registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke dersom de er usikre på om de er registrert. Det må påreknast noko ekstra arbeidstid i oppfylging av lokallag, så det kan vere fornuftig å starte arbeidet no.

Sjå informasjon om Frivilligregisteret her:
https://lottstift.no/om-frivilligregisteret-m-m-rettleiing-16/

—–
Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg dersom de treng meir informasjon, solfrid@folkorg.no tlf. 415 52 655


SØKNADSFRIST: 01. august 2023

OM MOMSKOMPENSASJONSORDNINGA:
Gjennom momskompensasjonsordninga får lokallaga refundert ein viss prosent av driftutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet med totale driftskostnader for året før.

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2022 er grunnlaget for søknaden i 2023.

  • Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg.
  • FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.
    I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.

SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL:
Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.

Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget, som for eksempel løn og honorar til instruktørar.

VIKTIGE DOKUMENT

TILDELINGAR

Momskompensasjon 2023

OBS: Ved ferdig innsendt skjema skal du bli vidaresendt til ei ny side som stadfestar søknaden. Du skal også motta ein epost med kopi av søknaden. Ta kontakt med Solfrid Gjeldokk i FolkOrg dersom du ikkje får dette.
  • Lokallag eller områdelag?
    Alle søkjarar MÅ vera registrert i Frivillighetsregisteret innan søknadsfristen.
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon medan vi jobbar med momskompensasjon for rekneskapsåret 2022. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system men deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg, solfrid@folkorg.no.
    Dersom organisasjonen din er eit aksjeselskap skal det òg leverast inn eit eiga eigenerklæringsskjema. Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk for meir informasjon om dette.
  • Accepted file types: pdf, jpg, png, docx, excel, jpg, jpeg, word.
    Rekneskapen skal vera signert av styret. Dersom de har problem med å laste opp filar, kan desse sendast på e-post til solfrid@folkorg.no
  • Accepted file types: word, excel, pdf, jpeg, png, jpg.
    Her kan du laste opp andre relevante vedlegg (ikkje påkrevd)
  • Underledd med totale driftskostnader under 5 millioner kroner skal ikkje rapportere fradragspostar etter § 7 andre ledd i forskrifta. Aksjeselskap med totale driftskostnader under 5 millioner kroner skal ikkje rapportere fradragspostar etter § 7 andre ledd i forskrifta. - Kontakt Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg dersom organisasjonen har frådragspostar og driftskostnadar over 5 millioner.