20. desember kom fordelinga av momskompensasjonen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for 2023. Kr. 1 961 134,- vert fordelt på områdelag, lokallag og aksjeselskap. Sentralleddet får kr. 745 229,-.

Lokallag, områdelag og aksjeselskap søkte i august 2023 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapet 2022 gjennom FolkOrg.

20. desember 2023 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 1 215 905, fordelt på 60 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 745 229.

Frist for å søkje momskompensasjon er vanlegvis i august kvart år. Dato for søknadsfrist i 2024 kjem i løpet av våren.

VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.

Her kan de sjå fordelinga av momskompensasjon for året 2022. Pengane vert utbetalt ved utgangen av 2023.