Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2021 gjennom FolkOrg. Søknadsfrista er 01. august 2022. Søkjarprosessen er lettvin og alle lag kan søkje!
SLIK SØKJER DU:
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Alt de treng å gjere er å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, og sende skjemaet og rekneskap for 2021 til FolkOrg.
Frista for å sende søknaden er sett til 01. august. Søk gjerne med ein gong, så slepp de å tenkje på fristen i sommarferien!
Fyll inn søknadsskjemaet med:
- Namn på laget med kontaktinfo
- Organisasjonsnr.
- Driftsutgifter for 2021
- Eventuelle fradrag (gjeld svært få av spel- og dansarlaga – sjå informasjon nedst på sida)
- Last opp signert og/eller revidert regnskap for 2021 og send inn søknadsskjemaet. Dersom de har problem med å laste opp vedlegg kan dette sendast til solfrid@folkorg.no eller til FolkOrg, Møllergata 39, 0179 OSLO.
Søknadsskjema:
For å søkje om Momskompensasjon må de fylle inn skjemaet lenger ned på denne sida.
NB: Alle søkjarar må vera registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke dersom de er usikre på om de er registrert. Det må påreknast noko ekstra arbeidstid i oppfylging av lokallag, så det kan vere fornuftig å starte arbeidet no.
Sjå informasjon om Frivilligregisteret her:
https://lottstift.no/om-frivilligregisteret-m-m-rettleiing-16/
—–
Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg dersom de treng meir informasjon, solfrid@folkorg.no tlf. 415 52 655
SØKNADSFRIST: 01. august 2022
OM MOMSKOMPENSASJONSORDNINGA:
Gjennom momskompensasjonsordninga får lokallaga refundert ein viss prosent av driftutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet med totale driftskostnader for året før.
Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2021 er grunnlaget for søknaden i 2022.
- Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg.
- FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.
I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.
SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL:
Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.
Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget, som for eksempel løn og honorar til instruktørar.
VIKTIGE DOKUMENT
- Ofte stilte spørsmål og svar
- Utfyllande informasjon om ordninga
- Forskrifta om momskompensasjonsordninga finn du her