19.desember kom fordelinga av momskompensasjonen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for 2022. Kr. 812 967,- vert fordelt på områdelag, lokallag og aksjeselskap. Sentralleddet får kr. 645 430,-.
Lokallag, områdelag og aksjeselskap søkte i august 2022 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapet 2021 gjennom FolkOrg.
19. desember 2022 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 812 967, fordelt på 51 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 645 430.
Frist for å søkje momskompensasjon er vanlegvis i august kvart år. Dato for søknadsfrist i 2023 kjem i løpet av våren.
VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.