Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2020 gjennom FolkOrg. Søknadsfrista er 09. august 2021. Søkjarprosessen er lettvin og alle lag kan søkje!

SLIK SØKJER DU:
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Alt de treng å gjere er å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, og sende skjemaet og rekneskap for 2020 til FolkOrg.

Frista for å sende søknaden er sett til 09. august. Søk gjerne med ein gong, så slepp de å tenkje på fristen i sommarferien!

Fyll inn søknadsskjemaet med:

  • Namn på laget med kontaktinfo
  • Organisasjonsnr.
  • Driftsutgifter for 2020
  • Eventuelle fradrag (gjeld få av spel- og dansarlaga – sjå informasjon nedst på sida)
  • Last opp signert og/eller revidert regnskap for 2020 og send inn søknadsskjemaet. Dersom de har problem med å laste opp vedlegg kan dette sendast til solfrid@folkorg.no eller til FolkOrg, Møllergata 39, 0179 OSLO.

Søknadsskjema:
For å søkje om Momskompensasjon må de fylle inn skjemaet lenger ned på denne sida. 

NB: Alle søkjarar må vera registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke dersom de er usikre på om de er registrert. Det må påreknast noko ekstra arbeidstid i oppfylging av lokallag, så det kan vere fornuftig å starte arbeidet no.

Sjå informasjon om Frivilligregisteret her:
https://lottstift.no/om-frivilligregisteret-m-m-rettleiing-16/

—–
Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg dersom de treng meir informasjon, solfrid@folkorg.no tlf. 415 52 655


SØKNADSFRIST: 09. august 2021

OM MOMSKOMPENSASJONSORDNINGA:
Gjennom momskompensasjonsordninga får lokallaga refundert ein viss prosent av driftutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet med totale driftskostnader for året før.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2021 fordele 1,8 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2020 er grunnlaget for søknaden i 2021.

Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.

I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.

SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL:
Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.

Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget, som for eksempel løn og honorar til instruktørar.

VIKTIGE DOKUMENT

TILDELINGAR

GENERELLE AVGRENSINGAR:
Alle som søkjer om momskompensasjon må vurdere om nokre variantar av driftskostnader skal trekkast ut.

Dette gjeld i hovudsak utgifter som fell utanfor den ordinære drifta i organisasjon og utgifter som er knytt til bygg og eigedom.

  • Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonenSjå rettleiing 1
    Med dette meines det at det berre er mva-kostnader knytt til den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda som skal komme inn under ordninga. For eksempel kostnader i samband med inntekt som har gått ut av organisasjonen som forteneste til private personar (dette gjelder for eksempel ikkje honorar/lønn til instruktørar eller om nokon av medlemmane har gjort ein jobb for laget som er lønna/honorert.)
  • Kostnadsførte nybygging, påbygging og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, sjå rettleiing 2.
    Avgrensinga går ut på at ny-, på- og ombyggingskostnader på bygg, anlegg og anna fast eigedom ikkje skal kompenserast. Vedlikehaldskostnader kan likevel vere med i grunnlaget.
  • Avskrivingar på bygg, anlegg og anna fast eigedom.
    Dette gir på lik linje med kostnadane som er omtala over, ikkje rett til kompensasjon.
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg eller anna fast eigedom for utleige. Utleige internt i organisasjonen til andre organisasjonsledd som kjem inn under ordninga er unnateke. Sjå rettleiing 4.
  • Kostnader knytt til anleggsprosjekt som vert omfatta av ordninga om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg (spelemiddelanlegg).

Underledd som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap.

Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap skal også trekke frå:

For meir informasjon kring reglar og rettleiing knytt til momskompensasjonsordninga, klikk her. 

————————————————————————–
Dersom organisasjonen også driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensingar på kva kostnader som skal vere med i søknaden. De kan for eksempel ta utgangspunkt i organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Dersom de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Her finn du meir informasjon om avgrensingane og frådragspostane for forenkla modell.

 

Momskompensasjon 2021

  • Lokallag eller områdelag?
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon medan vi jobbar med momskompensasjon for rekneskapsåret 2020. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg, solfrid@folkorg.no.
    Dersom organisasjonen din er eit aksjeselskap skal det òg leverast inn eit eiga eigenerklæringsskjema. Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk for meir informasjon om dette.
  • Accepted file types: pdf, jpeg, png, docx.
    Rekneskapen skal vera signert av styret. Dersom de har problem med å laste opp filar, kan desse sendast på e-post til solfrid@folkorg.no