16. desember kom fordelinga av momskompensasjonen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for 2021. Kr. 464 131,- vert fordelt på områdelag, lokallag og aksjeselskap. Sentralleddet får kr. 581 735,-.

Lokallag, områdelag og aksjeselskap søkte i august 2021 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapet 2020 gjennom FolkOrg.

16. desember 2021 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 464 131, fordelt på 37 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 528 692.

Frist for å søkje momskompensasjon er vanlegvis i august kvart år. Dato for søknadsfrist i 2022 kjem i løpet av våren.

VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.

Her kan de sjå fordelinga av momskompensasjon for året 2020. Pengane vert utbetalt ved utgangen av 2021.