Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2019 gjennom FolkOrg. Søknadsfrista er 12. august.

OM MOMSKOMPENSASJONSORDNINGA:

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2020 fordele 1,685 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2019 er grunnlaget for søknaden i 2020.

Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.

I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.

Bakgrunnen for ordninga.
Momskompensasjonsordninga var eit resultat av den raudgrøne regjeringas ønskje om å trappe opp støtta til frivillig sektor. I 2010 vart ordninga vedteke som ei rammestyrt ordning for meirverdikompensasjon til frivillige organisasjonar. Ordninga erstattar tidligare ordning med kompensasjon for tenestemoms. Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, med avgrensingar etter forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar.


GENERELLE AVGRENSINGAR:

Alle som søkjer om momskompensasjon må vurdere om nokre variantar av driftskostnader skal trekkast ut. Avgrensingane må de gjere uansett om de brukar forenkla modell eller dokumentert modell:

  • Kostnader som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonen. Sjå rettleiing 1
    Med dette meines det at det berre er mva-kostnader knytt til den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda som skal komme inn under ordninga. For eksempel kostnader i samband med inntekt som har gått ut av organisasjonen som forteneste til private personar (dette gjelder for eksempel ikkje honorar/lønn til instruktørar eller om nokon av medlemmane har gjort ein jobb for laget som er lønna/honorert.)
  • Kostnadsførte nybygging, påbygging og ombyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, sjå rettleiing 2.
    Avgrensinga går ut på at ny-, på- og ombyggingskostnader på bygg, anlegg og anna fast eigedom ikkje skal kompenserast. Vedlikehaldskostnader kan likevel vere med i grunnlaget.
  • Avskrivingar på bygg, anlegg og anna fast eigedom.
    Dette gir på lik linje med kostnadane som er omtala over, ikkje rett til kompensasjon.
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader som gjeld bygg, anlegg eller anna fast eigedom for utleige. Utleige internt i organisasjonen til andre organisasjonsledd som kjem inn under ordninga er unnateke. Sjå rettleiing 4.
  • Kostnader knytt til anleggsprosjekt som vert omfatta av ordninga om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg (spelemiddelanlegg).

Dersom organisasjonen også driv verksemd som fell utanfor ordninga, må de sjølv gjere avgrensingar på kva kostnader som skal vere med i søknaden. De kan for eksempel ta utgangspunkt i organisatoriske eller økonomiske skiljelinjer i organisasjonen. Dersom de ikkje gjer ei slik avgrensing, kan de etter ei totalvurdering få avslag på søknaden.

Her finn du meir informasjon om avgrensingane og frådragspostane for forenkla modell.


Underledd som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap.

Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap skal også trekke frå:

For meir informasjon kring reglar og rettleiing knytt til momskompensasjonsordninga, klikk her. 

SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL:
Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.

Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget. For eksempel løn og honorar til instruktørar.

 

SLIK SØKJER DU:
Å søkje momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. De treng berre å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, og sende skjemaet og rekneskap for 2019 til FolkOrg.

Frista for å sende søknaden er sett til 12. august. Søk gjerne med ein gong, så slepp de å tenkje på fristen i sommarferien!

Fyll inn søknadsskjemaet med:

  • Namn på laget med kontaktinfo
  • Organisasjonsnr.
  • Driftsutgifter
  • Eventuelt fradrag (gjeld få av spel- og dansarlaga – sjå informasjon i venstre spalte)
  • Send inn søknadsskjemaet og revidert regnskap frå 2019 til solfrid@folkorg.no eller til FolkOrg, Postboks 4613 Sofienberg, 0506 OSLO.


SØKNADSSKJEMA:
For å søkje om Momskompensasjon må de fylle ut dette Excel-skjemaet:
Rapport frå lokalledd til sentralledd – Forenkla modell

NB: Alle søkjarar må vera registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke dersom de er usikre på om de er registrert. Det må påreknast noko ekstra arbeidstid i oppfylging av lokallag, så det kan vere fornuftig å starte arbeidet no.

Sjå informasjon om Frivilligregisteret her:
https://lottstift.no/om-frivilligregisteret-m-m-rettleiing-16/

 

—–
Ta kontakt med Solfrid Gjeldokk i FolkOrg dersom de treng meir informasjon.

VIKTIGE DOKUMENT

TILDELINGAR


SØKNADSFRIST: 12. august 2020