Her finn du informasjon om momskompensasjonsordninga i FolkOrg

Viktige endringar i føresegna
Vi ber alle merke seg at nye føresegner vart vedteke av Kulturdepartementet i 2018, gjeldande frå og med 2019. Det er gjort fleire justeringar for å gjere ordninga enklare for organisasjonane, samstundes som endringane skal sikra at midlane går til lag og foreiningar med frivillig aktivitet. Endringa skal m.a. bidra til at små organisasjonar samla sett vil få noko meir momskompensasjon gjennom ordninga.

Den viktigaste endringa som berører musikkorganisasjonane, herunder region- og lokalledd, er kravet om å vere registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen. Oss bekjent er dette den fyrste «tilskotssordninga» som har eit slikt krav. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke om de er usikre på om de er registrert. Det må påreknast noko ekstra arbeidstid i oppfylging av lokallag, så det kan vere fornuftig å starte arbeidet no.

Sjå informasjon om Frivilligregisteret her:
https://lottstift.no/om-frivilligregisteret-m-m-rettleiing-16/
https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=982743133

Så til sjølve søknaden

Å søke momskompensasjon er for dei aller fleste laga veldig enkelt. Du treng berre å fylle inn namn, organisasjonsnummer og driftsutgifter i skjemaet under, samt sende rekneskap til FolkOrg….1-2-3, og vips så er det gjort!

Slik gjer du:

Fyll inn søknadsskjema – det finn du nederst på sida

  • Namn på laget med kontaktinfo
  • Organisasjonsnr.
  • Driftsutgifter
  • Eventuelt fradrag (gjeld få av spel- og dansarlaga)
  • Sende inn revidert regnskap frå 2018

Generelle avgrensingar:

Gjeld alle som søkjer om momskompensasjon, dvs. både sentralledd og enkeltståande søkjar, og aksjeselskap og underledd som er med i søknader frå sentralledd. Avgrensingar skal gjerast uansett kva modell du søkjer etter finn du under:

a) Kostnader utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen (§ 7 sjette ledd)
Meininga med denne posten er at det berre er mva-kostnader knytt til den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda som skal komme inn under ordninga. For eksempel kostnader i samband med inntekt som har gått ut av organisasjonen som forteneste til private personar (dette gjelder for eksempel ikkje honorar/lønn til instruktørar eller om nokon av medlemmane har gjort ein jobb for laget som er lønna/honorert.)

b) Kostnadsførde ny-, på- og ombyggingskostnader (§ 7 sjuande ledd)
Avgrensinga går ut på at ny-, på- og ombyggingskostnader på bygg, anlegg og anna fast eigedom ikkje skal kompenserast. Vedlikehaldskostnader kan likevel vere med i grunnlaget.

c) Avskrivingar på aktiverte kostnader (§ 7 sjuande ledd)
Avskrivingane på balanseførte bygg, anlegg og anna fast eigedom gir på lik linje med kostnadane som er omtala over, ikkje rett til kompensasjon.

d) Drifts- og vedlikehaldskostnader i samband med utleige (§ 7 åttande ledd)
Drifts- og vedlikehaldskostnader knytt til bygg, anlegg og anna fast eigedom som er leigd ut, gir i hovudsak ikkje rett til kompensasjon. Utleige internt i organisasjonen til andre organisasjonsledd som kjem inn under ordninga er unnateke.

Her finn du meir informasjon om avgrensingane og frådragspostane for forenkla modell.

Underledd som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap.

Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) som har meir enn 5 millionar kroner i driftskostnader og aksjeselskap skal også trekke frå:

a) kontantoverføringer til egen organisasjon og samarbeidspartnere i utlandet

b) lønnskostnader knyttet til personell stasjonert i utlandet som ikke er omfattet av punkt om kontantoverføringer

c) totale driftskostnader knyttet til den merverdiavgiftspliktige delen av virksomheten, hvor de totale kostnadene knyttet til den avgiftspliktige delen av virksomheten skal trekkes ut

d) overføringer til andre organisasjoner, eller overføringer mellom ledd i samme organisasjon

e) totale driftskostnader knyttet til virksomhet som er kompensasjonsberettiget gjennom lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv., herunder frivillige organisasjoner som på vegne av kommune eller fylkeskommune produserer helse-, undervisnings- eller sosiale tjenester som kommune eller fylkeskommune er lovpålagt å utføre.

Desse må fylle ut dette søknadsskjemaet:
Rapport-fra-lokalledd-til-sentralledd-forenkla-modell-NN

Ta kontakt med FolkOrg dersom du treng meir informasjon.

Svar på vanlege spørsmål:
Underledd (spel- og dansarlag eller områdelag) eller aksjeselskap som har driftsutgifter under 5 mill., treng ikkje revidering av statsautorisert revisor.

Laga skal ikkje trekke ut driftskostnadar til løn og honorar i samband med drifta av laget. For eksempel løn og honorar til instruktørar.

Fristen for å sende søknaden er sett til 12. august. Søk gjerne med ein gong, så slepp de å tenkje på fristen i sommarferien!

Om momskompensasjonsordninga:
Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. FolkOrg nyttar ein forenkla modell av søknadsskjemaet.

I forenkla modell er det krav til oppbevaring av dokumentasjon i 3 år for sentralledd, regionalledd.

Momskompstand under Lanskappleiken og Landsfestivalen
FolkOrg har ”Momskompstand” under Landskappleiken i Vågå og Landsfestivalen i Kinsarvik. Der kan du få informasjon om momskompensasjon, og tek du med driftsutgifter for 2018 og organisasjonsnummeret til laget ditt så får du hjelp med å fylle ut og sende søknaden. Nærmare informasjon om tid og stad vert sendt ut forkant.

Bakgrunnen for ordninga.
Momskompensasjonsordninga var eit resultat av den raudgrøne regjeringas ønskje om å trappe opp støtta til frivillig sektor. I 2010 vart ordninga vedteke som ei rammestyrt ordning for meirverdikompensasjon til frivillige organisasjonar. Ordninga erstattar tidligare ordning med kompensasjon for tenestemoms. Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, med avgrensingar etter forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar.

VIKTIGE DOKUMENT

TILDELINGAR

SØKNADSFRIST: 12. august 2019

 

Søknad momskompensasjon 2019

    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon medan vi jobbar med momskompensasjon for 2017. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.