Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2017 er tildelt 17 år gamle Jonas Laupsa frå Folkedal i Granvin. Prisen, som er på 15 000 kroner, blei delt ut på Vestlandskappleiken i Askvoll laurdag 14. oktober.

Jonas Laupsa begynte å spele hardingfele då han var 7 år ved Granvin musikkskule, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar.

Han ynskjer å satse på folkemusikk, og går no andre året på musikklinja ved Voss Gymnas. Der har han Leif og Steinar Rygg som lærarar på hardingfele, og i tillegg får han undervisning av andre dyktige lærarar i musikkteori, musikkhistorie osv.

Dei siste 5 åra har Jonas delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, Landskappleiken og ulike kurs rundt i landet. Han har vunne hardingfele kl. C fleire gonger på kappleikar. Jonas har også delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag, og også delteke med dei på kappleikar.

Jonas spelar og på konsertar på Voss og i Hardanger, blant anna saman med kvedaren Mari Holven.

«Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss til å høyre i tida som kjem,» seier styret for minneprisen.

 

Om Audhild Moxnes Minnepris
Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007. Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit:
Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.