Her finn du ei oppskrift på korleis ein melder inn nytt lag i FolkOrg

Lokallag takast opp i FolkOrg ved at styret i FolkOrg godkjenner tilsendt søknad om medlemsskap. Styret vurderer om formålet, arbeidsfeltet, og vedtektene til laget stemmer overeins med FolkOrg sitt formål, arbeidsfelt og vedtekter.

Søknaden må innehalde:

  1. Ei kort omtale om lokallaget og kva de driv med (aktivitet, instrument, repertoar, tradisjonsområde).
  2. Evt. lokal medlemskontingent til lokallaget
  3. Lokallagets vedktekter
  4. Oversikt over styremedlemmer, kontaktperson og musikalsk leiar/ eller danseinstruktør.

Etter at søknaden er godkjent treng vi:

  1. Medlemsoversikt med namn, adresse, telefonnummer, epostadresse og fødselsdato

Krav til vedtekter

NB! Laget sine vedtekter kan ikkje bryte med vedtektene til FolkOrg.

FolkOrg sin mal til vedtekter for nye lag viser viktige punkt som må vera med. Det punktet flest lag må endre på i forhold til FolkOrg sine vedteketer, er kravet om at alle medlemma må vera medlem i FolkOrg (sjå §3 i forslag til vedtekter i høgre marg). Dette er viktig i m.a. arbeidet for å styrke søknadsordningar som VO-midla og Frifond.

 

Info om kontingent i FolkOrg sentralt:

Alle medlem i lokallaga er personleg medlem i FolkOrg og får tilsendt faktura direkte. FolkOrg sentralt har ingen lagskontingent. Laget blir automatisk innmeldt i det områdelaget det soknar til. Kontingenten til områdelaget varierar. Ein del områdelag har også lagkontingent på ca. 500-600 kr. Gå inn på heimesida til det områdelaget de soknar til og sjekk opp kontingentsatsane.

Pris på medlemsskap i FolkOrg:

  • Voksen kr 290,- pr. år
  • Born/Ungdom: kr. 100,- pr.år

 

Litt om FolkOrg og fordelar ved medlemsskap

FolkOrg er ein organisasjon som arbeider for gode vilkår for folkemusikere, folkedansarar, folkemusikkarrangørar, spelemannslag, folkedanslag og folkemusikklag rundt omkring i landet. Dette gjer vi mellom anna gjennom å sørgje for at krava til m.a. Voksenopplæringsmidler og Frifond er innfridd og tilpassa våre lag, slik at dei kan søkje støtte til sine aktiviteter.

FolkOrg forvaltar stønadsordningar som Frifond organisasjon og Rekrutteringstøtta. Dette er støtteordningar som medlemslag kan søkje på.

FolkOrg er også rådgjevarar for sine lag i m.a. organisasjonsarbeid, søknadsskriving og arrangering av kurs og konsertar m.m. Vi arrangerar også kurs og seminar for kompetanseheving, og alle medlemslag har tilgang til å delta på Landskappleiken og Landsfestivalen.

FolkOrg informerer om søknadsfrister og aktuelle saker gjennom både nyhetsbrev og publisering på våre heimesider (www.folkorg.no).

Laga i FolkOrg får ein egen portal i medlemssystemet StyreWeb med ein del hendige funksjonar som gjer det lettare for styret å halde kontakten med medlemma sine.

Vi har også ei veldig gunstig forsikringsavtale for instrument og bunad som mange nyttar.

> Les om flere medlemsfordeler her