Søndag 11. november arrangerer FolkOrg for tredje gong Meisterkonserten i Operaen, her får vi sjå utvalde klassevinnarar frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammalddansmusikk, vinnaren av INTRO-folk og Årets folkemusikar!

Desse deltek på Meisterkonserten 2018

Landskappleiken 2017
Fureprisvinnaren:
                    Hans Kjorstad
Kongepokalvinnarar:              Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud

Landskappleiken 2018
Dans fele kl. A
:                            Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Nordset

Spel fele kl. A:                              Aslak Brimi
Spel hardingfele kl. A:              Per Anders Buen Garnås
Vokal kl. A:                                    Margrete Nordmoen
Munnharpe sr.:                           Thov Wetterhus
Dans fele kl. C:                            Marius Westling og Dorte Nilssen
Lagspel sr.:                                    Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar

Lagdans jr.:                                  BULder og Brak
Dans hardingfele kl. D:            Geir Reigstad og Jartru Reigstad
Fureprisvinnaren:                     Bendik Smedåsgjelten Qvam
Open klasse:                                 Jo Einar Tobias Sterten Jansen
Dans hardingfele kl. A:            Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua
Halling kl. A:                                Ådne Kolbjørnshus
Halling kl. C:                                Nikolaj Bo Fischer Nielsen

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018
Gruppespel:
                                 Lendmenn
Durspel sr.:                                  Øyvind Sandum
Samspel sr.:                                 Marie Skavenes og Øyvind Selnes
Samspel jr.:                                  Stian og Even
Lagspel fele/hardingfele:       Sør-Fron Spelemannslag

Vinnaren av INTRO-Folk 2018
Utnemning av årets folkemusikar 2018

Bilde av nokre av dei som skal delta på konserten

 
Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud, Hans Kjorstad


Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Nordset


Per Anders Buen Garnås


Foto: Ingvil Skeie Ljones, Runhild Heggem, Thomas Westling og Liv Annette Nygjerdet

Klassevinnarar, vinnaren av INTRO-folk og årets folkemusikar
Søndag 11. november arrangerer FolkOrg for tredje gong Meisterkonserten i Operaen. Konserten byrjar kl. 18.00, og på scena vil det stå eit utval klassevinnarar frå sommarens arrangement, Landskappleiken i Trysil og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk, samt Fureprisvinnaren og kongepokal-vinnarane frå Landskappleiken på Røros 2017.

Våren 2018 vart det bestemt kva slags klassevinnarar som skal få delta. Etter sommaren vart også vinnaren av lagspel fele/hardingfele på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Sør-Fron Spelemannslag, invitert til å vere med på konserten. I tillegg skal vinnaren av INTRO-folk 2018 delta, og årets folkemusikar 2018 utnemnast. Finalen i INTR0-folk vert arrangert laurdag kveld under Folkelarm, og finalistane er: Rasmus Kjorstad, Ole Nilssen og Ingvild Blæsterdalen. Vinnaren av INTRO-folk får ein premie på 100 000 kr.

Silje Onstad Hålien har vore regissør på dei to førre Meisterkonserten, og har denne rolla i år også. Programleiarar for konserten vert Aslak Brimi og Solbjørg Tveiten.

 

Meisterkonserten har vore ein populær konsert dei førre gongane den har vore arrangert, og billettsalet til årets konsert er godt. Det er framleis billettar att, og her kan ein kjøpe billett til konserten. 

Folkemusikkhelg i Oslo 8. 11. november
Meisterkonserten i Operaen er ein del av ei større folkemusikkhelg i Oslo, der Folkelarm og Oslokappleiken vert arrangert på Riksscenen 8 – 10. november. I løpet av desse dagane vert det showcase-konsertar, seminar, kappleik og dans. Program for Folkelarm finn du på www.folkelarm.no, og informasjon om Oslokappleiken finn du på nettsidene til Laget for folkemusikk.


Billettsalet til Meisterkonserten

Du får kjøpt deg billettar til konserten på nettsidene til Operaen

 


Sør-fron Spelemannslag