I juni delte FolkOrg ut kr. 105000 i rekrutteringsstønad til lokallaga. Under styremøtet i september bestemte styret at kr. 45000 av gåveforsterkningsmidlane FolkOrg har fått skulle brukast til rekrutteringsstønad for 2018. Difor vert det i 2018 delt ut til saman kr. 150000 til rekrutteringsstønad i lokallaga i FolkOrg.

Gjennom FolkOrg si rekrutteringsstønadsordning vert det årleg delt ut pengar til særskilde rekrutteringstiltak i FolkOrg sine lokallag i Noreg. I år kom det inn mange søknadar og FolkOrg-styret bestemte difor å bruke kr. 45000 ekstra av gåveforsterkningsmidlane vi har fått til rekrutteringstiltak i lokallaga.

Her er den endelege tildelinga for 2018:
(Dei nye er markert med tjukk skrift)

#Hedmark – kr. 5 000
Breim spelemannslag – kr. 5 000
Falkeriset folkemusikklag – kr. 5 000
Folkemusikkarkivet i Rogaland – kr. 5 000
Gjøvik spelmannslag – kr. 10 000 (Fekk kr. 5 000 i fyrste tildelinga, men får kr. 5 000 til.)
Gransherad spel- og dansarlag – kr. 5 000

Heme dine – kr. 10 000
Hurum spelemannslag – kr. 5 000
Jeremias folkemusikkforening, Austrheim Musikklag, Gloppen Hardingfelelag, Hyen Spelemannslag – kr. 10 000
Jostedal spel- og dansarlag – kr. 5 000
Lom spel og dansarlag – kr. 5 000

Mukampen spel- og dansarlag – kr. 5 000
Røros folkedanslag – kr. 5 000
Seljord folkemusikklag – kr. 5 000
Setesdal spelemannslag – kr. 5 000
Sogn og Fjordane folkemusikklag – kr. 10 000
Spelemannslaget Vårlengt – kr. 5 000
Spelmannslaget i BUL Nidaros – kr. 5 000
Strunkeveko – kr. 10 000
Telemark folkemusikklag – kr. 10 000
Unge folkemusikere i Oslo – kr. 10 000
Vågå spel- og dansarlag – kr. 5 000

Øystre Slidre spel- og dansarlag – kr. 5 000 

Kjøp straum hos SVORKA og støtt FolkOrg si stønadsordning for rekruttering.
Styret i FolkOrg ønskjer å styrke stønadsordninga for rekruttering til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si stønadsordning for rekruttering. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her