Også i år sender vi ut faktura for medlemskontingenten elektronisk til alle med registrert e-postadresse. I 2019 tok vi i bruk appen GNIST, levert av StyreWeb, til elektronisk medlemskort.

E-postfaktura / elektronisk faktura
Også i år sender vi ut faktura for medlemskontingenten elektronisk, anten til den e-postadressa som er registrert i vårt medlemssystem, StyreWeb, eller rett i nettbanken som elektronisk faktura. Dette gjeld alle som har registrert si e-postadresse i vårt system. Dei som ikkje nyttar e-post vil få tilsendt faktura i posten, som tidlegare.

Elektronisk medlemskort i GNIST
I 2019 tok vi i bruk appen GNIST, levert av StyreWeb, til elektronisk medlemskort. Dei som har verv i sitt lokale lag eller områdelag kan logge inn i appen med sitt passord til StyreWeb. Dei som ikkje har styreverv, eller som ikkje har nytta appen til medlemskap i andre organisasjonar, fekk i fjor tilsendt ein eigen e-post med informasjon om aktivering av appen. Ein lastar ned appen til sin telefon på same måte som ein lastar ned andre appar. Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com

Dersom du ikkje har fått ein slik e-post med informasjon om aktivering, eller treng ein ny så send ein epost til livannette@folkorg.no

NB! Merk at medlemskortet for 2020 ikkje vil bli aktivert i appen før du har betalt for medlemskapet for inneverande år. Du finn og fakturaen din i appen slik at du får oversikt over medlemslag, forsikring etc.

Dei som ikkje ønskjer å nytte appen GNIST til sitt medlemskort vil kunne få tilsendt medlemskort i posten. Du kan få medlemskort i posten sjølv om du betalar for medlemskapet elektronisk. Du sender ein epost til jorun@folkorg.no dersom du ønskjer å få tilsendt medlemskortet i posten.

Bruk gjerne GNIST utan appen på telefonen
Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com  
NB! Merk at du må motta ein aktiverings e-post for å få tilgang, har du ikkje fått ein slik epost, så send forespørsel til livannette@folkorg.no


Eksempel på elektronisk medlemskort i FolkOrg


Logoen til appen GNIST som du finn der du lastar ned appar til din telefon.