Her finn du oversikt over alle medlemsfordelar for lag og enkeltmedlem i FolkOrg.
https://www.musikk.no/nmr/om-oss/medlemsorganisasjoner/kulturfordel
MEDLEMSFORDELAR FOR ENKELTMEDLEM:

FORSIKRING
FolkOrg har ei gunstig forsikringsavtale med If Skadeforsikring, der medlemmer kan forsikre instrument og bunadar. Avtalen inkluderer også ei ulykkesforsikring.
Forsikringsavtalen gjeld alle medlemmer som har inngått avtale om forsikring gjennom organisasjonen. Også lag / foreningar tilslutta FolkOrg kan teikne forsikring.

FIKEN REGNSKAP
Rekneskap og fakturering på nett
Rabattavtale med Fiken regnskap der FolkOrg sine medlem får 15 % rabatt på bruk av programmet. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til musikarar og andre enkeltpersonsføretak eller små selskap.
Oppgje at du er medlem og medlemsnr. når du bestiller.
Les meir på www.fiken.no

THE FOLK MUSIC ACADEMY – MEDLEMSRABATT
Online kurs og workshop
Møt nokon av dei beste folkemusikarane i Norden og lær det du vil, når du vil! The Folk Music Academy ynskjer å gjera folkemusikk frå etter kvart heile verda tilgjengelig for folk flest og gje innblikk i ulike tradisjonar, instrument og spelestilar.
The Folk Music Academy tilbyr m.a videokurs for både nybyrjarar og vidarekomne, intervju, workshops, noter, artiklar og brukarforum.
Som medlem i FolkOrg får du 15% avslag på abonnement hjå The Folk Music Academy. Les meir om medlemsfordelen og akademiet her.

NOTEFLIGHT
Online noteprogram
Mange av medlemmene våre bruker kanskje noter en gang i mellom i tillegg til å spille på gehør? FolkOrg har inngått en flerbrukeravtale med Noteflight. Det betyr at så lenge du er medlem i FolkOrg har du gratis adgang til Noteflight på nett.

STRØMAVTALE
Svorka Energi tilbyr fordelaktig tilbud på strøm for deg som er medlem av FolkOrg. En strømpris blant de 3 billigste, målt mot 25 av landets største leverandører.

RABATT PÅ STRENGER
Ole Bull-akademiet gjev medlemmer i FolkOrg 10% rabatt på kjøp av strenger.

RABATT PÅ CD-AR m.m
Etnisk musikklubb
Alle medlemmer i FolkOrg får 10 % rabatt på kjøp av CD-ar. (Gjeld ikkje allereie rabatterte plater) Alle medlemslag får 25 % rabatt ved kjøp av minimum 25 stk av ei utgjeving til premiar o.l. Alle medlemslag får 40% rabatt ved kjøp av fleire plater av ein tittel gjeve ut av Etnisk musikklubb. FolkOrg og medlemslag får 30% rabatt på annonse i medlemsbladet til Etnisk musikklubb «Toner på tvers», og rabatt på innstikk. www.etniskmusikklubb.no
Folkemusikksenteret i Buskerud
Alle medlemmer i FolkOrg får 10% avslag på CD-ar og 16% avslag på anna rekvisita i nettbutikken – www.folkemusikksenteret.no

RABATT PÅ ARRANGEMENT
Landskappleiken
Kvart år i slutten av juni samlast omlag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar i 5 dagar. Omlag 5000 – 7000 tilreisande kjem til Landskappleiken.
Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane, og mogleghet til å delta på kappleiken. www.landskappleiken.no
Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Noregs største festival for gammaldansmusikk. Vanlegvis arrangeres Landsfestivalen i midten av juli.
Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane og mogleghet til å delta på tevlingane. www.landsfestivalen.no
Folkelarm
Folkelarm er ein festival og eit bransjetreff som vert arrangert kvar haust. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane. www.folkelarm.no

RABATT PÅ ABONNEMENT
FolkOrg eig bladet Folkemusikk, eit frittståande tidsskrift for heile folkemusikk-Noreg. Medlemslag får 25% rabatt på annonsar i tidsskriftet og på nettsida folkemusikk.no. Medlemmer i FolkOrg får årsabonnement for kr. 350,- (normal pris 425,-) – www.folkemusikk.no

KULTURFORDEL
Kulturfordel er Norsk musikkråds fordelsprogram for medlemsorganisasjonane. Her finn du gunstige tilbud og ordningar til både medlem, tillitsvalde og ansatte.
Ettersom FolkOrg er ein av medlemsorganisasjonane i Norsk Musikkråd, får du som FolkOrg-medlem nytta deg av deira fordelar.
Fordelsprogrammet gjer rabattar på mellom anna hotellovernatting gjennom Nordic Choice Hotels, gratis instrumentfrakt hjå SAS, og formstøypte øyreproppar frå Hantek.
Om det er noko du lurer på, send mail eller ring til Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg. Tlf: 415 52 655, e-post: solfrid@folkorg.no
MEDLEMSFORDELAR FOR LOKAL- OG OMRÅDELAG:
Alle medlemslaga i FolkOrg får tilgang til det brukervennlege og robuste medlemsregisteret StyreWeb.

TONO-AVTALE
Alle som nyttar verna materiale på konsert må betale vederlag og rapportere kva musikk som er framført, slik at opphavarane får betalt vederlag.
Medlemslag og arrangørar i FolkOrg vert dekt av Norsk Musikkråd si rammeavtale for Tono-vederlag.Gjennom denne avtala får alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik.

TILGANG TIL TILSKOTSORDNINGAR
Frifond:
Etter nærare definerte kriterier kan lokallag i FolkOrg få tildelt Frifond-midlar. > Les meir
Stønad til rekruttering:
FolkOrg delar kvart år ut pengar til rekrutteringsarbeid og andre viktige tiltak for folkemusikken. Pengane kjem frå drifta av FolkOrg. > Les meir her
Momskompensasjon:
Lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg søkjer momskompensasjon gjennom FolkOrg. > Les meir her
Vaksenopplæringsmidlar:
FolkOrg er tilslutta Musikkens studieforbund. Alle medlemslag kan søkje om vaksenopplæringsmidlar der. > Les meir her