Kulturrådet lyser no ut middel frå ordninga Arrangørstøtte musikk i 2021 og 2022 for å nå nye søkarar. FolkOrg inviterer derfor til lunsjwebinar med Andreas Ljones og saksbehandlar i Kulturrådet, Vidar Bråthen, fredag 12. november.

Norsk Kulturråd si støtteordning Arrangørstøtte musikk er retta mot arrangørar av offentlege konsertar i Norge. Ordninga skal stimulere til auka profesjonalitet i formidling av konsertar og til å utvikle og oppretthalde arrangørar i heile landet.

Senke terskelen for å søkje om tilskudd
Med denne ekstrasatsinga, ønskjer Norsk Kulturråd å nå søkjarar som kanskje trur at dei ikke kan få tilskot eller ikkje veit at ordninga også er for dei. På denne måten håpar Norsk Kulturråd å bidra til å formidle konsertar innanfor fleire sjangrar, skape meir fellesskap og ytringsrom for aktørar og publikum over større deler av landet.

Oppmodar nye søkjarar til å søkje
Med denne utlysninga ønskjer Kulturrådet å gje fleire mogelegheit til å arrangere konsertar, og det vert spesielt oppmoda til at konsertarrangørar som ikkje har søkt Kulturrådet tidlegare, sender inn en søknad. Målet er at tilskota frå ordninga skal treffe eit breiare mangfald av arrangørar.

Lunsjwebinar om ordninga
I samband med den nye satsinga innan ordninga, inviterer FolkOrg til lunsjwebinar med Andreas Ljones og Vidar Bråthen, fredag 12. november, kl. 12:00-12:30.  Ljones er medlem i Kulturrådets musikkutval for arrangør- og festivalstøtte medan Bråthen er saksbehandlar for ordninga. På dette lunsjwebinaret vil dei gje informasjon om ordninga, kven som kan søkje, korleis ein skal søkje og kva ein søknad bør innehalde.

Når: 12. november, kl. 12:00 – 12:30
Kvar: Digitalt på Teams
Påmelding: I skjema nedanfor

Påmelding til lunsjwebinar

  • Skriv om du representerer ein einskildperson, organisasjon, frivillig lag, konsertarrangør eller anna verksemd.
  • Lenkje til webinaret vert sendt på e-post i forkant av møtet. Du vil òg på ei stadfesting på påmeldinga tilsendt på e-post.

Norsk Kulturråd si ordning Arrangørstøtte Musikk

Kven kan søkje?
Målgruppa er konsertarrangørar i Norge med eit offentleg konserttilbod. Privatpersonar, private institusjonar, offentlege institusjonar og andre verksemder kan søkje. Søkjarar kan ha ulike organisasjonsformer.

For denne utlysinga oppmodast særskild følgande arrangørar til å søke:

  • Søkjarar som fell inn under mangfaldsdefinisjonen til Kulturrådet
  • Unge arrangørar, søkjarar som programmerar unge artistar og søkjarar som har fokus på unge publikumsgrupper
  • Søkjarar frå sjangrar og musikalske uttrykk som er underrepresentert på ordninga

Ordningas øvrige krav gjeld framleis for søknaden.

Sjå tilskotsordning for arrangørstøtte musikk for krav til søknad

Kva kan det søkjast om tilskot til?

Det kan søkjast om tilskot til alle kostnadar forbunde med konsertar og arrangement, mellom anna:

  • Honorar til musikarar
  • Honorar til administrering av konsertane
  • Honorar til teknikarar
  • Reise, diett, overnatting
  • Markedsføring
  • Leie av lokale

Søknaden må gjere greie for konsertprogrammet det søkjast om tilskot til. Det er ikkje krav til at det er inngått kontrakter med artistar/musikarar på søknadstidspunktet. Dersom programmet ikkje er fastlagt, bør programprofilen visast på annan måte. Hugs at dei som les søknaden, må ha noko å vurdere.

Det forventast at det vert budsjettert med billettinntekter i alle søknadar til ordninga.

I vurderinga av søknaden vil det bli lagt vekt på refleksjon rundt målgruppe/publikum.

Kva kan det ikkje søkjast tilskot til?

  • Turnéer (kan søkjast frå turnéordninga)
  • Komponering og innøving (kan søkjast frå komposisjons- og produksjonsordninga)
  • Musikkinnspilling (kan søkjast frå fonogramordninga og Fond for lyd og bilde)
  • Innkjøp av utstyr (kan søkjast frå Kulturrom)

Søknadsfrister 2. desember 2021 og 2. mars 2022.

Utlysninga gjeld for søknadsfristene 2. desember 2021 og 2. mars 2022 og søknaden sendast inn til arrangørstøtte musikk.

Kulturrådet vil halde fram med mangfald som satsingsområde også etter desse to fristane, så det vil framleis vera mogeleg å søkje ordninga om midlar til dette seinare.

Les meir om ordninga her.