Velkommen til digital lokallagskaffi på Teams måndag 23. januar, kl. 18.00 - 19.00!

Velkommen til digital Lokallagskaffi! 

Når: Måndag 23. januar, kl 18.00 – 19.00
Kvar: Teams
Kven: Styremedlem i lokallag og områdelag 

FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom sentralleddet og lokallaga i FolkOrg, og vil inviterer no til ein ny runde med digital lokallagskaffi. På lokallagskaffien ønskjer vi å høyre om korleis det står til rundt omkring i lokallaga, og vi vil òg nytte høve til å informere om nyhende og aktuelle tema for lokallaga.

Agenda for denne kaffien er mellom anna:
– FolkOrg 100 år
– Landsmøtet 2023
– FolkOrgs Eldsjelpris 2023
– Tilskotsordningar
– Info til lokallagsarbeidet

Lokallagskaffi vil foregå på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og pratar uformelt om ulike tema. Vi vonar at dette kan bli eit forum kor styrene i dei ulike lokallaga kan møte kvarandre og oss i administrasjonen i FolkOrg.

Om du har forslag eller innspel til kva tema vi skal ha med på lokallagskaffien kan du ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk, tlf. 415 52 655, solfrid@folkorg.no.

(Det står feil månad i oversikta i utsendt nyheitsbrev, rett dato er, som det står her, 23. januar)

Meld deg på lokallagskaffi ved å fylle ut skjemaet under:

Påmelding til lokallagskaffe