Brenn du for å halde folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Noreg levande? Har du lyst til å vere med på å styrke spel- og dansarlaga i FolkOrg? Har du lyst til å vere med på å løfte folkemusikk- og folkedansarrangørane i Noreg? Vil du arbeide med kappleik og meisterkonsert? Då kan kanskje du bli ein av våre to nye kollegaer!

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.

Organisasjonen har i dag om lag 4500 medlemmer og 150 lokale og regionale spelemannslag. Blant våre medlemmer finst både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og dansarlag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar.

FolkOrg har to ledige 100 % rådgjevarstillingar, ei fast og ei som er eit års vikariat. Det er mogleg at vikariatet blir fast. I tilsettingsprosessen vil vi sjå oppgåvene til desse stillingane under eitt, og gjere arbeidsfordelinga ut frå dei erfaringane vi har gjort oss og dei styrkane dei vi vil tilsette har.

Dei viktigaste oppgåvene til desse stillingane samla er:

  • Rådgjeving overfor og dialog med lokal- og områdelag, samt folkemusikkarrangørar.
  • Tilskotsordningar som FolkOrg administrerer.
  • Arrangere seminar og kurs for målgruppene.
  • Lede og delta i prosjekt for målgruppene.
  • Informasjonsarbeid som er relevant for lag, arrangørar og arrangement.
  • Saksførebuing til styret.
  • Medverke i FolkOrgs politiske arbeid for frivillige spel- og dansarlag, og arrangørar.
  • Oppfølging av rekrutteringsprosjekta våre og utvikle nye rekrutteringsprosjekt.
  • Vere FolkOrg sin rådgjevar for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
  • Rådgjevar for lokale kappleikar.
  • Vere prosjektansvarleg for meisterkonserten i operaen.

Ein må òg medverke i anna arbeid i FolkOrg, når det er trong for det.


Kompetanse:

  • Høgare utdanning innan folkemusikk, folkedans, kulturfag eller liknande.
  • God kjennskap til folkemusikken og folkedansen i Noreg, kappleik, samt arrangørfeltet.
  • God kjennskap til frivillig kulturarbeid.
  • Relevant erfaring.
  • Eit godt språk, helst både på nynorsk og bokmål.
  • Kunnskap om folkemusikkbransjen spesielt og musikkbransjen generelt.


Personlege eigenskapar:

  • Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid.
  • Evne til sjølvstendig arbeid.
  • Sjølvgåande, initiativrik, fleksibel og strukturert.
  • Nettverk i Folkemusikk-Noreg.
  • Stor arbeidskapasitet.
  • Pedagogiske evner.
  • Må kunne takle å jobbe i kontorlandskap.
  • Godt humør.

Søkarane må rekne med arbeid kveld og helg i periodar. Med både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk om sommaren, må ein også rekne med å arbeide sommarstid.

Arbeidsstad: FolkOrg har kontor i Schouskvartalet på Grünerløkka i Oslo. Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. Næraste overordna er dagleg leiar.

Dato for oppstart
1.august 2019, eller så snart som mogleg.

For spørsmål om stillinga
Ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 48 10 50 75 eller e-post: linda@folkorg.no

Søknadsfrist: 27. mai 2019

Søknad med CV sendast til: linda@folkorg.no