Brenn du for å halde folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Noreg levande? FolkOrg har ledig eit vikariat som rådgjevar for kappleik, festival og rekruttering.
FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.
Organisasjonen har i dag om lag 4100 medlemmer og 160 lokale og regionale spelemannslag. Blant våre medlemmer finst både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og dansarlag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar.
Ansvarsområde:
- Det overordna ansvar for alt av FolkOrgs arbeid med kappleik:
- Landskappleiken
- Landsfestivalen i gammaldansmusikk
- Det elektroniske kappleikssystemet til FolkOrg
- Rådgjeving for lokalkappleikar
- Rekrutteringsprosjekta i FolkOrg gjennom ordninga frå Dextra Musica.
- Folkedansarbeidet i FolkOrg
Døme på oppgåver i stillinga:
- FolkOrg sin rådgjevar for LK og LF, og fagansvarleg for arrangementa frå vår side.
- Rådgjevar for lokale kappleikar
- Sakshandsamar på saker som gjeld LK og LF
- Skaffe dommarar til LF og LK.
- Ansvarleg for all påmelding til LK og LF
- Rekrutteringprosjektet gjennom ordninga frå Dextra Musica og elles arbeid med rekruttering
- Lage møteplasser for rekrutteringsprosjekta
- Sakshandsamar på saker til styret når det gjeld rekruttering.
- Informasjonsarbeid på rekrutteringsprosjekta
- Kontakt og samarbeid med Dextra Musica.
- Prosjektleiar for FolkleiarUng
- Tilskotsordningar:
- Rekrutteringsprosjektet gjennom Dextra
- Bidrag i arbeidet med Frifond og FolkOrgs eigne tilskotsordningar.
- Rådgjevar på fagområdet dans.
Ein må òg medverke i anna arbeid i FolkOrg, når det er trong for det.
Kompetansekrav:
- Høgare utdanning innan folkemusikk, folkedans, kulturfag eller liknande. Relevant erfaring kan erstatte kravet til utdanning.
- God kjennskap om folkemusikken og folkedansen i Noreg.
- Erfaring frå og kunnskap om kappleik og tevling i folkemusikk og folkedans.
- God kjennskap til og erfaring frå frivillig kulturarbeid.
- Relevant erfaring.
- Eit godt språk, helst både på nynorsk og bokmål.
Personlege eigenskapar:
- Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid.
- Evne til sjølvstendig arbeid.
- Sjølvgåande, initiativrik, fleksibel og strukturert.
- Nettverk i Folkemusikk-Noreg.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å takle stressa situasjonar
- Pedagogiske evner.
- Godt humør.
Søkarane må rekne med arbeid kveld og helg i periodar. Med både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk om sommaren, må ein også rekne med å arbeide sommarstid.
Arbeidsstad: FolkOrg har kontor i Møllergata 39 i Oslo. Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. Næraste overordna er dagleg leiar.
Varigheit: 15. september 2022 – ca. 1. september 2023.
For spørsmål om stillinga: Kontakt dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 48105075 eller e-post: linda@folkorg.no.
Søknadsfrist: 18.05.2022
Søknad med CV sendast til: linda@folkorg.no