I høve FolkOrg sitt jubileumsår og interne rokkeringar treng vi å styrke staben med ein prosjekt- og kommunikasjonsmedarbeidar i 100 % stilling fram til mars 2024.

Prosjekt- og kommunikasjonsmedarbeidar 100 % stilling  

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans – har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.  

Organisasjonen har i dag om lag 4400 medlemmer, 165 lokal- og regionlag og arrangørar/festivalar. Blant våre medlemmer finst både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og dansarlag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar. Vi har dei faste arrangementa Landskappleiken, Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Folkelarm. I 2023 feirar vi at det er 100 år sidan Landslaget for spelemenn (ein av dei to organisasjonane som vart FolkOrg) vart stifta, og i høve det har vi fleire andre arrangement.  


Arbeidsoppgåvene vil vere varierte innan organisasjonsarbeid, informasjonsarbeid og prosjektarbeid i samarbeid med resten av dei tilsette i administrasjonen. 

Vi søker deg som:  

  • Har god kompetanse på kommunikasjon og sosiale media.
  • Relevant høgare utdanning er ein fordel. 
  • Skriv godt både på bokmål, nynorsk og engelsk.
  • Er strukturert, ryddig og effektiv. 
  • Ikkje er redd for å ta i eit tak.  
  • Har stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide med fleire prosjekt samtidig.  
  • Er god på samarbeid. 
  • Har erfaring frå kulturarrangement, anten som tilsett eller frivillig.  
  • Gjerne kjenner til folkemusikk- og folkedansmiljøet i Noreg.  
  • Er omgjengeleg og har gode kommunikasjonsevner 
  • Gjerne har kunnskap om fotografering og redigering av bilete.  

Praktisk informasjon:  

  • Du må vere budd på å arbeide helger og kveldar i periodar, spesielt i samband med arrangementa våre. 
  • Arbeidsstad: FolkOrg har kontor i Møllergata 39 i Oslo. Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. Næraste overordna er dagleg leiar.  
  • Varigheit: frå så snart som mogleg til mars 2024.  
  • Søknadsfrist: 8. mars 2023

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 48 10 50 75 eller e-post:linda@folkorg.no 

Søknad med CV sendast til: linda@folkorg.no