På grunn av den pågåande Covid-19-pandemien har styret i FolkOrg bestemt at Landsmøtet 2021 blir digitalt. Møtet vil framleis finne stad helga 17.-18.april, nærare informasjon om klokkeslett, opplegg mm. kjem i løpet av første halvdel av februar.

Velkommen til digitalt landsmøte!

For å sikre at FolkOrg arbeider slik feltet treng og ønskjer, vonar vi det vert god deltaking frå heile landet av både utsendingar og observatørar! Kanskje gjer eit digitalt møte at enda fleire har høve til å delta?

Landsmøtet er ope for alle. Du kan delta på landsmøtet som utsending for laget ditt, yrkesutøvarane eller folkemusikkarrangørane. Som utsending har du røysterett i landsmøtesaker som budsjett, langdtidsplanar, vedtekter, årsmeldingar og val av nytt styre til FolkOrg. Du kan og delta på landsmøtet utan å vere utsending. Då har du ikkje røysterett, men som medlem i FolkOrg har du talerett.

Vil du vere med  å påverke arbeidet til FolkOrg?

Sett av helga 17.-18. april 2021!

Fremje saker til Landsmøtet
Dersom medlemmer eller lag har saker dei ønskjer å fremje til Landsmøtet, må desse meldast inn til styret innan 15. januar 2021.

Vi tek og gjerne i mot innspel til seminar og programmet ellers!

Innspel til seminar, program og saker som de vil fremje sendast gjerne på e-post til post@folkorg.no

Valkomiteen i FolkOrg består av:
Torunn Raftevold Rue
Øystein Rudi
Solbjørg Tveiten

Styret i FolkOrg 2019 – 2021
Her er oversikt over kven som sit i styret til FolkOrg i inneværande periode

 

Utsending / Røysterett
Lag som er teke opp som eit medlemslag innan 31.12.20, har rett på utsending m/røysterett på landsmøtet til FolkOrg, etter følgjande skala:

Lag med inntil 30 medlemmer – 1 utsending
Lag med 30 – 99 medlemmer – 2 utsendingar
Lag med 100 – 199 medlemmer – 3 utsendingar
Lag med 200 – 299 medlemmer – 4 utsendingar
Lag med 300 – 399 medlemmer – 5 utsendingar
Lag med over 400 medlemmer – 6 utsendingar
Områdelaga – 1 utsending
Faglag (institusjonar som medlemmer) – 2 utsendingar
Gruppa for yrkesutøvarar* – 4 utsendingar
*Dersom det er over 200 medl. pr. 31.12.20

Styret i FolkOrg og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på Landsmøtet har røysterett. Einskildpersonar som ikkje står tilslutta eit lokallag eller faglag, har ikkje røysterett.

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag. Det er medlemstalet pr. 31.12.2020 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.

Alle medlemmar har talerett
Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på Landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.