Landsmøtet 2019 er lagt til Gjøvik 26.- 28. april

Vi vonar lokal- og områdelag og representantar frå yrkesutøvarar har høve til å delta med dei utsendingane dei har krav på.

UTSENDING / RØYSTERETT
Lag som er teke opp som eit medlemslag innan 31.12.18, har rett på utsending m/røysterett på landsmøtet til FolkOrg, etter følgjande skala:

Type lag
Lag med inntil 30 medlemmer – 1 utsending
Lag med 30 – 99 medlemmer – 2 utsendingar
Lag med 100 – 199 medlemmer – 3 utsendingar
Lag med 200 – 299 medlemmer – 4 utsendingar
Lag med 300 – 399 medlemmer – 5 utsendingar
Lag med over 400 medlemmer – 6 utsendingar
Områdelaga – 1 utsending
Faglag (institusjonar som medlemmer) – 2 utsendingar
Gruppa for yrkesutøvarar* – 4 utsendingar
*over 200 medl. pr. 31.12.18

Styret i FolkOrg og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på Landsmøtet har røysterett. Einskildpersonar som ikkje står tilslutta eit lokallag eller faglag, har ikkje røysterett.

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.

Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på Landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.

Det er medlemstalet pr. 31.12.2018 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.

Alle utsendingar må ha gyldig medlemskap. Ta kontakt om de har spørsmål kring medlemskapen.

Landsmøtet 2019 er lagt til Gjøvik 26.- 28.april
Møtestad er Quality Hotel Strand, Strandgata 15, 2815 Gjøvik

Landsmøtepapir
Samla saksdokument Landsmøtet 2019
Årsmelding for FolkOrg 2018
Årsmelding for FolkOrg 2017

FØREBELS PROGRAM

Fredag 26. april
kl. 19.00 – 21.00   Møte m/områdelaga
kl. 19.00 – 22.00   Middag på hotellet (buffé)
kl. 20.30 – 22.30   Registrering av deltakarane

Laurdag 27. april
kl. 08.00 –             Registrering av deltakarane
kl. 09.00 – 10.30  FolkOrg/Landslaget for spelemenn er 100 år i 2023. Vi inviterer til innspelsmøte, der de kan komme med framlegg til kva jubileumsåret kan innehalde.
kl. 10.45 – 11.30    Informasjon om  GDPR/personvern i StyreWeb.
kl. 11.45 – 12.30    Dextraprosjekta i FolkOrg – presentasjon
kl. 12.30 – 13.00   TONO og lokallaga
kl. 13.00 – 14.00   Lunsj
kl. 14.00                 Landsmøtet tek til
kl. 19.00                 Middag og sosialt samvær

Søndag 28.april
kl. 09.30                 Landsmøte held fram
kl. 13.00                 Avslutning og Lunsj

Prisar:
Prisar på overnatting på Quality Hotel Strand, full pensjon pr. person pr. døgn
Enkeltrom: 1560,-
Dobbeltrom: 1260,-

Dagpakke pr. person pr. dag kr 520,- (møte m/ lunsj)
3-retters middag laurdag kveld kr 575,- + drikke.

Reise:
FolkOrg gir reisetilskot til utsendingane etter tilsendt rekning etter landsmøtet under føresetnad av at ein nyttar billegaste reisemåte, og at fleire reiser saman der det høver. Km-godtgjersla er no kr  3,50 pr. km (på grunn av nye reglar for kjøregodtgjersle).

Vi ber om at de sender inn reiserekninga innan 1. juni.
Reiserekningar som vert sendt inn etter denne fristen kan diverre ikkje rekne med å få slikt tilskot.

Påmeldingsfrist: 25. MARS . Ver snill og hald fristen! Påmelding skjer via skjema nederst på sida her.

Fullmaktskjema
Fullmaktskjema, signert av leiar i laget, må sendast til jorun@folkorg.no eller per post til FolkOrg, postboks 4613 Sofienberg, 0506 Oslo innan same frist. Vi kan ikkje garantere overnattingsplass til dei som melder seg på etter fristen. Påmeldte som ikkje kjem på møtet, og som ikkje har meldt avbod, må rekne med å måtte betale opphaldsutgiftene.

Har du spørsmål ta kontakt med Jorun Hagen, e-post: jorun@folkorg.no, telefon: 22005622

Vel møtt til ei spennande og interessant landsmøtehelg!

Påmelding Landsmøtet 2019

  • Fyll ut alle felta merka med * for å få sendt inn skjemaet.
    Sett kryss på kva utsendingen/utsendingane skal delta på. Dersom de skal delta ulikt, så noter dette i feltet for merknadar til påmeldinga.
  • Skriv inn eventuelle merknadar til påmeldiga i feltet over her.
  • Skriv inn i feltet over her om de har med observatørar og deltaljar for deira opphald og deltaking.
  • Gjeld rekning for opphald, dansefest laurdag og eventuelle måltid for utsendingane.
  • Vi kan ikkje garantere overnattingsplass til dei som melder seg på etter fristen. Påmelde som ikkje kjem på møtet, og som ikkje har meldt avbod innan ei veke før, må rekne med å måtte dekke opphaldsutgiftene.