Sett av helga 16.-18. april 2021, då er det igjen klart for Landsmøte i FolkOrg! Denne gongen vert Landsmøtehelga lagt til Oslo.

Velkommen til ei innhaldsrik landsmøtehelg for heile organisasjonen!

I tillegg til sjølve landsmøtet vert det seminar, debattar, konsert, festmiddag og dansefest. Det vert og tid til møter mellom lokallag og områdelag.

For å sikre at FolkOrg arbeider slik feltet treng og ønskjer, vonar vi det vert god deltaking frå heile landet av både utsendingar og observatørar!

Landsmøtet er ope for alle. Du kan delta på landsmøtet som utsending for laget ditt, yrkesutøvarane eller folkemusikkarrangørane. Som utsending har du røysterett i landsmøtesaker som budsjett, langdtidsplanar, vedtekter, årsmeldingar og val av nytt styre til FolkOrg. Du kan og delta på landsmøtet utan å vere utsending. Då har du ikkje røysterett, men som medlem i FolkOrg har du talerett.

Vil du vere med på ei innhaldsrik folkemusikkhelg, samt ha moglegheit til å påverke arbeidet til FolkOrg?

Sett av helga 16.-18. april 2021!

Landsmøtet er anna kvart år
FolkOrg har Landsmøte for organisasjonen anna kvart år, og neste tidspunkt for Landsmøte er sett til 16.-18. april 2021. Det er vedteke at Landsmøtet skal vere i Oslo denne gongen (Landsmøtet var på Gjøvik i 2019). Kva lokaler og hotell som skal nyttast er ikkje klart endå, men hald av datoane, vi ønskjer å skipe til ei gild folkemusikkhelg i hovudstaden denne helga og alle som er interessert i folkemusikk og folkedans er velkomne til å delta!

Fremje saker til Landsmøtet
Dersom medlemmer eller lag har saker dei ønskjer å fremje til Landsmøtet, må desse meldast inn til styret innan 15. januar 2021.

Vi tek og gjerne i mot innspel til seminar og programmet ellers!

Innspel til seminar, program og saker som de vil fremje sendast gjerne på e-post til post@folkorg.no

Valkomiteen i FolkOrg består av:
Torunn Raftevold Rue
Øystein Rudi
Solbjørg Tveiten

Styret i FolkOrg 2019 – 2021
Her er oversikt over kven som sit i styret til FolkOrg i inneværande periode

 

Utsending / Røysterett
Lag som er teke opp som eit medlemslag innan 31.12.20, har rett på utsending m/røysterett på landsmøtet til FolkOrg, etter følgjande skala:

Lag med inntil 30 medlemmer – 1 utsending
Lag med 30 – 99 medlemmer – 2 utsendingar
Lag med 100 – 199 medlemmer – 3 utsendingar
Lag med 200 – 299 medlemmer – 4 utsendingar
Lag med 300 – 399 medlemmer – 5 utsendingar
Lag med over 400 medlemmer – 6 utsendingar
Områdelaga – 1 utsending
Faglag (institusjonar som medlemmer) – 2 utsendingar
Gruppa for yrkesutøvarar* – 4 utsendingar
*Dersom det er over 200 medl. pr. 31.12.20

Styret i FolkOrg og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på Landsmøtet har røysterett. Einskildpersonar som ikkje står tilslutta eit lokallag eller faglag, har ikkje røysterett.

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag. Det er medlemstalet pr. 31.12.2020 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.

Alle medlemmar har talerett
Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på Landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.